Buss på overtid?

Hallingbussen har fått endå eit politisk pusterom. Men kanskje er det slik at toget, med fleire avgangar om dagen, er kollektivtilbod godt nok?

Nok ein gong har fylkespolitikarane utsett Hallingbussens død. I eit siste forsøk på å få til ei drivverdig bussrute mellom Geilo og Oslo, bestemte fylkestinget rett før jul at Hallingbussen skal få fortsette eit halvt år til. Prøvetida gjekk eigentleg ut ved nyttår, men no får altså hallingane endå ein sjanse til å vise at dei vil ha bussen.

Det ser ut til å vera vanskeleg å oppretthalde eit eige kollektivtilbod Hallingdal-Oslo. Først var det «Vøgne», som vart parkert på jernbanelina for godt i 2005. I åra før var det diverse politiske redningsaksjonar som held liv i det vesle, men ganske populære togsettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Buss skulle erstatte «Vøgne». Det har vore ein heller humpete veg, for å halde seg til samferdslesjargongen. Og sjølvsagt er det ikkje slik at det er berre hallingane som har svikta, og gjort passasjergrunnlaget svært skjørt.

Me som skal andre vegen, altså frå «by`n» til Hallingdal, er ikkje eit hår betre. Me brukar sjeldan eller aldri Hallingbussen, me heller.

No kan eg, som bur i Drammen, skulde på at den går jo ikkje via Drammen lenger. Men brukte eg bussen då den faktisk køyrde om Drammen? Eg gjorde ikkje det.

Eg valde toget. Fleire avgangar, meir behageleg – og sikkert litt dyrare. Men i skallen min, og openbert i mange andre sin, er det liksom to alternativ: Bil eller tog.

Så langt eg skjønar inneber ikkje denne siste redningsaksjonen å leggje Hallingbussen om Drammen igjen. Det toget har gått, for å seie det slik.

Difor er det ikkje så mykje eg personleg kan bidra med for å berge bussen no. Men eg kan oppmoda hallingar på bytur om å bruke han.

Viss det altså er eit reelt ynskje blant folk flest om å behalde Hallingbussen, og ikkje berre noko politikarane kjempar for nærast av gamal vane.

Ein kan nok undrast på om det er slik at politikarane kjempar for noko innbyggjarane bryr seg katten om. For mange gonger gjennom åra har skremselen vore den same: No må folk bruke bussen, elles mistar me den. Men fleire passasjerar har det ikkje vorte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg veit ikkje svaret på spørsmålet eg stilte i innleiinga her. Men tanken på at det kanskje ikkje er behov for Hallingbussen – at toget er eit godt nok alternativ – bør vel ikkje vera heilt framand, heller ikkje for ordførarar og fylkespolitikarar.

Å få folk til å reise kollektivt – anten det er med tog eller buss – må vera det viktigaste. For alle som er opptekne av miljø ville det nok vore ei traurig øving å stille seg opp i vegkanten på Rv7 og telje bilar på veg til/frå by`n med berre sjåføren i bilen.

No er sikkert mange hallingar flinke til samkøyring på byturar der fleire skal på same møtet, til dømes. Men slik elles trur eg det er mykje å gå på i tilhøvet mellom bil og kollektiv.

Med nye avgifter frå nyttår har drivstoffprisane nådd nye høgder. Det kan kanskje få fleire over på kollektiv. Og viss folk altså vil behalde Hallingbussen som supplement til toget, er tida for å vise det no. Det kjem nok ikkje fleire sjansar.

Å få folk til å reise kollektivt – enten det er med tog eller buss – må vera det viktigaste.