Me tok sats og hoppa ut i elvestryket.
Me tok sats og hoppa ut i elvestryket.

Bli med på elvesnorkling

Me hoppa i elva Hemsila og kom på bølgelengde med auren.

HO SLYNGER SEG MELLOM hytter og hotell, under alpinbakkar og forbi butikkar. Ho er ein del av dagleglivet, litervis med vatn som konstant renn forbi. Men kva skjuler seg under overflata i Hemsila?

– Me får garantert sjå aure, seier Rune Abrahamsen i Hemsedal Fjellsport.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er guiden vår og har akkurat kledd oss i 14 millimeter med neopren. Våtdraktene sit som limt på kroppen. Flytevest, dykkarmaske og snorkel har me også fått. Som pingvinar på land vaggar me nedover ned til elva.

EG TRUDDE eg hadde vore overalt i Hemsedal. På dei høgaste toppane, i dei brattaste bakkane, på afterski, på hyttetur, på sykkeltur. Men det som ventar no er ei heilt ny oppleving.

– Dette er den andre turen vår i elva på ei veke, smiler Caroline Methi-Svensson.

I tronge våtdrakter vaggar Lars Lind (t.v.), Charles Svensson, Caroline Methi-Svensson og Rune Abrahamsen ned mot elva.
I tronge våtdrakter vaggar Lars Lind (t.v.), Charles Svensson, Caroline Methi-Svensson og Rune Abrahamsen ned mot elva.
Grøne plantar duvar opp og ned i elva.
Grøne plantar duvar opp og ned i elva.
Det er ikkje lett å få teke gode bilete av auren. Men her er eit bevis på at dei var der.
Det er ikkje lett å få teke gode bilete av auren. Men her er eit bevis på at dei var der.
Rune Abrahamsen (t.v.), Caroline Methi-Svensson og Charles Svensson gjer seg klare til neste utfordring.
Rune Abrahamsen (t.v.), Caroline Methi-Svensson og Charles Svensson gjer seg klare til neste utfordring.
Under vassflata skjuler det seg ei ukjend verd.
Under vassflata skjuler det seg ei ukjend verd.
Snorkel og dykkemaske.
Snorkel og dykkemaske.
Caroline Methi-Svensson og faren Charles Svensson er på sin andre tur i Hemsila.
Caroline Methi-Svensson og faren Charles Svensson er på sin andre tur i Hemsila.
Somme stader er det så grunt at ein må reise seg for å gå.
Somme stader er det så grunt at ein må reise seg for å gå.
Sko av neopren med godt grep.
Sko av neopren med godt grep.
Våtdrakter held deltakarane varme i det kalde vatnet.
Våtdrakter held deltakarane varme i det kalde vatnet.
Turen blir avslutta med eit hopp frå Skogstad bru i sentrum.
Turen blir avslutta med eit hopp frå Skogstad bru i sentrum.
Me tok sats og hoppa i elva.
Me tok sats og hoppa i elva.
Rune Abrahamsen frå Hemsedal Fjellsport forklarar korleis ein skal liggje i vatnet for å støyte bort frå store steinar.
Rune Abrahamsen frå Hemsedal Fjellsport forklarar korleis ein skal liggje i vatnet for å støyte bort frå store steinar.
I dei rolege delane av elva blir det tid for ein pause.
I dei rolege delane av elva blir det tid for ein pause.
Å dra på besøk i auren sitt rike er spesielt. Her kan ein sjå fisken boltre seg i friskt fjellvatn.
Å dra på besøk i auren sitt rike er spesielt. Her kan ein sjå fisken boltre seg i friskt fjellvatn.
Rune Abrahamsen har guida turistar ned Hemsila i mange år.
Rune Abrahamsen har guida turistar ned Hemsila i mange år.
Guide Rune Abrahamsen følgjer med når deltakarane susar ut i stryket.
Guide Rune Abrahamsen følgjer med når deltakarane susar ut i stryket.
Ein kjenner seg verkeleg i eitt med naturen når ein flyt nedover elva.
Ein kjenner seg verkeleg i eitt med naturen når ein flyt nedover elva.
Jakta på storauren.
Jakta på storauren.
Rune Abrahamsen følgjer med når deltakarane kastar seg utfor stryket.
Rune Abrahamsen følgjer med når deltakarane kastar seg utfor stryket.
Krafta frå vassmassane lagar bobler under overflata.
Krafta frå vassmassane lagar bobler under overflata.
Kor har auren gøymd seg?
Kor har auren gøymd seg?
Caroline Methi-Svensson og faren Charles Svensson på sin andre tur i Hemsila.
Caroline Methi-Svensson og faren Charles Svensson på sin andre tur i Hemsila.
Svenske Lars Lind ryddar opp undervegs.
Svenske Lars Lind ryddar opp undervegs.

Saman med faren Charles Svensson er ho alt ein erfaren elvesnorklar. No er dei klare for ein ny tur ut i straumen.

– Det var ei veldig artig oppleving. Så kvifor ikkje gjere det ein gong til, seier faren.

Dei har leilegheit i skisenteret og er i Hemsedal fleire veker kvart år, også om sommaren.

ME SIG NED i ein liten kulp. Det iskalde vatnet trenger inn i våtdrakta. Kroppen kjempar i mot.

– Det er kaldt ei lita stund, før det blir varmt att, forsikrar guiden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemsila held 11 grader denne dagen. Etter nokre minutt med tilvenning er me klare.

– Sist var det masse fisk rett her under fossen, seier Abrahamsen og peiker mot kvite brusande skumtoppar.

DET BULDRAR RUNDT i øyra i det første, vesle stryket. Ein etter ein dukkar me ned med hovudet, og det tek ikkje lang tid før me får auge på nokre små aurar som sym roleg mot botnen. Sikta er overraskande god. Vatnet er glasklart. Det er moro å oppleve elvas kraft frå fiskens perspektiv.

Safarien startar ved brua nedanfor skisenteret og endar opp ved Skogstad bru i sentrum. På vegen møter du på mange små utfordringar. Nokre stader er det så grunt at du må reise deg opp og gå.

– Når det har vore lite regn, blir vasstanden ganske låg, forklarar Rune Abrahamsen.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

ANDRE STADER er straumen så sterk at du ikkje har noko anna val enn å la vatnet føre deg av stad.

– Hald hendene fram! Slik! Då kan de ta dykk for om det kjem ein stein imot, instruerer guiden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er aldri skummelt, berre spennande, når du møter på eit lite stryk og blir spytta ut på den andre sida. Våtdrakta hjelper oss med å flyte godt i vatnet, i tillegg gjev ho bra isolasjon og polstring. Flytevesten i signalfarger er lett synleg og vernar mot slag og skarp stein.

Brått blir elva djupare. Silhuettar av små og mellomstore aurar seglar forbi på alle kantar.

MED EITT skimtar eg ein større skugge heilt nede mot botnen og jublar inn i snorkelen. Når eg tittar opp, skjønar eg at dei andre også har sett han.

– Godt over ein kilo, trur svenske Lars Lind.

Det er ei magisk verd. Snakk om å vera i eitt med naturen! Grøne og brune algar duvar opp og ned i straumen. Over hovuda våre passerer kvite campingvogner i sakte film. Etter nesten to timar i elva nærmar me oss slutten.

– Kven tør hoppe frå brua? undrar guiden.

Me tek sats og seier farvel til auren med eit skikkeleg plask. 

{{imageLeft}}{{imageLeft}}