Vilde Nistad Strandos (24). Her er ho i full gang under ei trenings- samling i Oslo i mars.

Bakar med flagget på brystet

24 år gamle Vilde Nistad Strandos har nådd draumen: No er ho på det norske landslaget i konditori.

For å koma så langt ligg det svært mange timar med dedikert og hardt arbeid til grunn.

– Å baka har alltid vore naturleg for meg. Eg har liksom alltid gjort det, seier Vilde Nistad Strandos.

Artikkelen held fram under annonsen.

Golingen tek ein pause frå treninga og smiler beskjedent. Ho trenar mot konditorkonkurransen Nordic Pastery Cup som skal haldast i Sverige til hausten. Som ny på landslaget i konditori er ho spent.

– Då eg søkte, hadde eg rekna med å kome med som rekrutt, men plutseleg var eg ein del av sjølve landslaget. Det er jo litt skummelt, men mest veldig moro, smiler ho.

– Eg kunne aldri hatt ein jobb der ein sit på eit kontor. Dette er fleksibelt og kreativt. Akkurat slik eg likar, seier Vilde.

Ostekake med gelelokk av pasjonsfrukt.

Som dyslektikar var ho heilt bestemt på å gå den praktiske vegen, og starta på restaurant og matfag på Gol vgs. Alt i andreklasse måtte ho bestemme seg, og valde å spesialisere seg i konditori på ZBC-skulen i Ringsted. Der gjekk ho i nesten fire år, ei blanding mellom teori og i lære.

– Det var skummelt å flytte til Danmark som 17-åring, og til tider var det tøft – men i ettertid har eg aldri angra på det. Dei er flinkare i Danmark. Eg hadde ikkje kome hit eg er no om det ikkje var for at eg valde det slik.

I dag jobbar ho ved Naustdal dampbakeri i Førde. Ein vanleg dag startar anten klokka halv fire på natta eller klokka seks. Det var hardt i starten for ei som likte å dra seg på vidaregåande, men dei siste åra har ho blitt så van til det at ho står opp tidleg, også i helgane.

– I Naustdal har me ein stor produksjon, men det er også ein plass der det er rom for å prøve nye kombinasjonar av smakar. Eg lærer mykje der, fortel ho. Det var bakeriet som oppfordra henne til å søke landslaget. I dag er ho ein av fire i det prestisjetunge teamet, og saman skal dei konkurrere mot dei beste i verda.

Det finst mykje godt å lage til påske. Marispanegg med sjokolade er både enkelt og godt. Det kan vere rein masipan eller smakssett med appelsinskal, appelsinsaft, likør eller noko anna du likar.

– Det tek mykje tid, så me som er med er anten blant dei som ikkje har fått barn, eller blant dei som er ferdige med det, humrar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det tek mykje trening å bli best.

– Det eg likar best med å vere konditor er å sjå at eit produkt blir bra til slutt, og sjå gleda folk får av å nyte det. Kaker er noko ein et når ein skal unne seg noko ekstra.

Ho er roleg og litt sjenert, men også punktleg, bestemt, effektiv og tek ansvar når ting skal gjerast. Kreativitet er ei av hennar sterkaste sider. Ho synest det er moro å prøve nye ting. Og det får ho nok bruk for på landslaget. I konkurransen skal ho på under åtte timar vera med på å lage ein skulptur i sjokolade, ei iskake, ein dessert og ei mousskake med nye kombinasjonar av smakar. Konkurransen er ikkje før til hausten, men arbeidet har alt starta.

– Det er mykje trening og mykje hardt arbeid. Eg brukar ikkje akkurat baka så mykje på fritida. Då må eg ta meg litt fri, flirer ho.