Anja Catrine Venås skriv om kor farleg det kan vera å halde for hardt på maska.
Anja Catrine Venås skriv om kor farleg det kan vera å halde for hardt på maska.

Bak maska

Det er menneskeleg å vege folk basert på fyrsteinntrykk. Menneskeleg og naturleg, men urettferdig.

1. JANUAR 2016 bestemte bloggar Anja Catrine Venås seg for å starte med blanke ark og lette på si eiga maske. Slik starta ho: «Kvar dag ein står opp, tek ein på seg ei maske. Ei maske som andre definerer deg ut ifrå. Blid og hyggeleg, morosam og pliktoppfyllande. Flink på skulen, glad i vennene sine. Pen. Alltid med eit smil om munnen. Lykkeleg, ikkje sant? Godteken. Og vellukka. Det er det alt handlar om. Det er slik me vil bli oppfatta. Som om alt er perfekt.»

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

ANJA DRIFTAR instagramkonto og blogg under namnet «xanjac». Å overeksponere seg sjølv på nett og i sosiale medium har vorte ei slags form for sjølvhjelp.

– Gjennom vidaregåande var eg veldig opptatt av å halde på imaget mitt. Å vera ho som alltid var blid, alltid sminka seg og hadde fine klede. Plettfri. Vera flink på skulen og ha masse venner. Eg lærte meg å le på kommando. Det var mi maske, og eg har vore flink til å oppretthalde den. Ikkje ein gong mine nærmaste venner visste at eg var deppa, at eg hadde slite med angst og spiseforstyrrelsar, seier Anja.

Ho voks opp på Gol, ein plass der «alle kjenner alle». På godt og vondt. Ho fatta tidleg interesse for sosiale medium, blogg og foto. Gjennom den ein gong anonyme Instagramkontoen «girlyyfashiion» bygde ho seg opp ein liten flokk med følgjarar. Men brått vart instagramkontoen kopla saman med Facebook, og slik kunne følgjarane feste namn og ansikt til bileta hennar.

Ikkje ein gong mine nærmaste venner visste at eg var deppa, at eg hadde slite med angst og spiseforstyrrelsar,
Ikkje ein gong mine nærmaste venner visste at eg var deppa, at eg hadde slite med angst og spiseforstyrrelsar,
Ho fatta tidleg interesse for sosiale medium, blogg og foto. Gjennom Instagramkontoen «girlyyfashiion» bygde ho seg opp ein liten flokk med følgjarar.
Ho fatta tidleg interesse for sosiale medium, blogg og foto. Gjennom Instagramkontoen «girlyyfashiion» bygde ho seg opp ein liten flokk med følgjarar.
Me leikar oss ofte med kamera, og plutseleg blir det kule bilete.
Me leikar oss ofte med kamera, og plutseleg blir det kule bilete.
Ho fatta tidleg interesse for sosiale medium, blogg og foto. Gjennom den ein gong anonyme Instagramkontoen «girlyyfashiion» bygde ho seg opp ein liten flokk med følgjarar.
Ho fatta tidleg interesse for sosiale medium, blogg og foto. Gjennom den ein gong anonyme Instagramkontoen «girlyyfashiion» bygde ho seg opp ein liten flokk med følgjarar.
Litt etter litt gjekk ho frå lånte til eigne bilete att. No er Anja endeleg seg sjølv, for over 69.000 følgjarar.
Litt etter litt gjekk ho frå lånte til eigne bilete att. No er Anja endeleg seg sjølv, for over 69.000 følgjarar.
Eg vart redd for å få dritt slengt etter meg. Folk kan vera ganske dømmande.
Eg vart redd for å få dritt slengt etter meg. Folk kan vera ganske dømmande.

– Alle på skulen fekk greie på at det var meg, så eg slutta å poste mine eigne bilete. Eg vart redd for å få dritt slengt etter meg. Folk kan vera ganske dømmande.

HO FLYTTA FOKUSET vekk frå seg sjølv og bygde opp ein rein inspirasjonskonto med lånte bilete av plettfrie sminkefjes, slanke bein på kvite sandstrender og Chanel-vesker. Knekte for alvor koden for korleis ein trekkjer til seg følgjarar. Vart ferdig med vidaregåande, bygdeliv og fordommar.

Litt etter litt gjekk ho frå lånte til eigne bilete att. No er Anja endeleg seg sjølv, for over 69.000 følgjarar på Instagram. «Standard og overflatisk bloggar», tenkjer du kanskje etter ein kjapp sveip gjennom nokre av bileta hennar. Ho kler seg bra, sminkar seg bra og veit kva for vinkel som er mest flatterande. Å seie at ein aldri trekker forhasta slutningar er nesten alltid løgn. Det er menneskeleg å vege folk basert på fyrsteinntrykk. Menneskeleg og naturleg, men urettferdig.

– Kanskje har eg likt merksemd heile livet, elska å spele skodespel. Eg elskar å fortelje historier til vennene mine, eg overdriv og er høglydt. Legg ut tilsynelatande perfekte bilete som eg har brukt mykje tid på å få til, og har periodevis vore sjukleg opptatt av legge ut bilete av meg sjølv. Jaga etter å få flest mogleg likes, kommentarar og reaksjonar, seier Anja.

Ho innrømmer at ho kvir seg for å leggje ut andre bilete enn sjølvportrett, fordi ho veit det gjev færre «likes». Samstundes har ho heilt openbert beina godt planta på jorda. Ho vil slett ikkje vera så sjølvopptatt som ho kanskje verkar å vera.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Somme har fått for seg at eg er ei hurpe, men eg vil ikkje seie eg er det. Eg er opptatt av at folk vert behandla rettferdig, jentedrama og baksnakking er det verste eg veit. Hatar mobbing og utestenging. Det er mi hjartesak. Ja, så har du kanskje sett bilete av meg på blogg eller Instagram, men du kjenner meg ikkje. Det er rart med slike stereotypiar og fordommar. Alle er i mot det, samstundes som me alle er ein del av det. Ja, det er mykje press på at ein skal sjå slik eller slik ut og ha dei rette kleda. Men me elskar jo å få bekrefta at me ser fine ut og har fine ting, uansett om me seier at me hatar det presset. Det er eit merkeleg elsk-hat forhold. Ein vil ikkje vera ein del av det, men er det likevel, seier Anja.

NO HAR HO OGSÅ EIN BLOGG, av den tradisjonelle typen med plass til tekst og tankar. Det ligg meir bak den elles så flotte fasaden. Ein vakker dag skal ho gje ut bok. Gjennom bloggen får ho lufta tankar om eit liv der ting ikkje alltid går like greitt.

– Eg er veldig open om mykje, og får stadig høyre at eg deler for mykje om meg sjølv. Men samstundes veit eg at det er mange jenter som kjenner seg att i det eg skriv. Det er så fint å sjå. Eg vil vera den vennen som eg sjølv ikkje hadde på vidaregåande, som ein kan sjå opp til og sjå at det er greitt å ha det vanskeleg og vera lei seg.

ANJA PRATAR OM TING ein ikkje pratar om. Blogginnlegget frå januar i fjor er langt og kjensletungt. «This is the new beginning». Ho skriv om folks behov for å bli omtykt, og kor farleg det kan vera å halde for hardt på maska. Me vil alle bli sett. Men du blir ikkje sett om du ikkje viser kven du verkeleg er. «Du trur kanskje at livet mitt er så mykje betre enn ditt. Og det er forståeleg, for det er jo det eg gjev inntrykk av. Men det er overhovudet ikkje realiteten. Og det er det ingen av dykk som veit ein dritt om.», skriv Anja. Så gjev ho ei detaljert skildring av dagen ho vart diagnostisert med cyklotymi, ein undertype av bipolar liding.

– Eg har slite med mykje forskjellig opp gjennom åra, og gått fast til psykolog sidan eg var 13. Men det har ingen visst om. Ingen venner, ingen på skulen. Folk trudde eg skulka. Eg hadde tenkt på å publisere det innlegget veldig lenge. Til avslutninga på vidaregåande skreiv eg ein tale der eg skulle fortelje alt til alle, medelevar og foreldre. Den delen med masker. Men eg feiga ut, noko eg har angra mykje på. Eg ville ikkje at folk skulle sitte att med det inntrykket eg gav gjennom skuletida. At dei skulle tru skodespelet mitt var ekte.

«TULLAR DU?», ville folk vite. Overrasking, tvil og frykt. Biletet av Anja stemte plutseleg ikkje overeins med verkelegheita. Psykiske lidingar er noko ein helst ikkje pratar om. Kanskje bør me lære meir om dei tinga me ikkje kan sjå, meiner Anja. Kraftig overbruk av omgrepet «generasjon prestasjon» gjer ikkje anna enn å sy puter oppunder armane på folk. Det er svært lite i livet som er svart-kvitt. Ho vil synleggjere problem og psykiske lidingar, men ikkje gjera det til noko daglegdags.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

– Me har for dårleg opplæring om psykiske lidingar. Me veit for lite om det, derfor blir folk redde. Eg vil ikkje dyrke temaet, men få fram at det ikkje er farleg å prate om. Kanskje eg treffer nokon som har eller har hatt det på same måte som meg. Og om eg kan lære bort noko til nokon, så føler eg at eg vinn på det. Det er vanskeleg å forstå noko ein ikkje har opplevd sjølv. Samstundes er det skummelt om me fokuserer for mykje på det. Det har vore fokusert veldig på at ungdommen er så utsliten, at alle har kronisk utmattingssyndrom og er deprimerte. Då vatnar ein fort ut omgrep som depresjon. Folk med psykiske lidingar har seriøse problem som ein ikkje skal kimse av. Men me bør ikkje gjera det til noko daglegdags. Eg skriv om at eg slit, men eg ville ikkje prata høgt om det på bussen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å PUBLISERE ELLER IKKJE PUBLISERE. Kva er greitt, kva er for mykje? Reaksjonar er ikkje til å unngå. Det finst dei som meiner at bloggarar og andre som vel å eksponere seg på nett eller i media, må tole kritikken dei får. «Dei ber om det».

– Ja, det er eit val ein tek. Eg var klar over det då eg valde å nytte mitt eige namn i staden for å vera anonym. Folk les, reagerer og pratar. Ein må vera klar over slike ting når ein vel å eksponere seg. Kritikk i normal grad er greitt, så lenge kritikarane respekterer at me alle har ulike verdiar. Og ulike behov for å dele personlege ting. For meg hjelper det å dele ting, og kanskje finn andre hjelp i å lese det eg skriv?

SKAM, SESONG 3, EPISODE 8. Heile Norges «Skam»-Isak står att skremt og åleine medan kjærasten Even spring naken og manisk omkring i Oslos gater. Even er bipolar, kva no? Nokre hjarteknusande episodar seinare får Isak endeleg ein oppklarande SMS frå Even. «Unnskyld for at eg ikkje fortalde at eg er bipolar. Eg var redd for å miste deg». Kanskje TV-årets mest tårevåte augneblink. Førjulstid, kyrkjekonsert. Nils Bech, som sjølv har slite med eigen identitet som homofil og i skåpet, syng «O helga natt» med altoppslukande innleving. Isak stormar ut av kyrkja og spring av garde for å finne Even. Gjenforeining og kjærleikserklæringar. Meir tårer.

– Eg grein og grein. Den scena trefte meg rett i hjartet. Eg trur aldri eg har relatert meg så mykje til ein TV-serie før. No fortel eg folk at eg har ein undergrad av bipolar liding. Somme gonger vil folk gjerne vite meir, om korleis det påverkar meg og kva for medisinar eg tek. Det er så utruleg deilig å kunne vera open, og det har på mange måtar redda meg. Difor held eg også fram med å blogge og skrive både om fine og vonde ting. Eg held fram med å prate om ting som folk ikkje pratar om, for det har hjelpt meg så utruleg mykje. Det kjem mykje negativt med å eksponere seg så mykje som eg gjer, men også mykje positivt.

Ah, dette vart faktisk litt ein «reminder». No hugsar eg kvifor eg gjer dette, seier Anja. 

...

Anja Catrine Venås 

Alder: 22 år

Heimstad: Gol, storesyster til bror (19) og søster (11)

Artikkelen held fram under annonsen.

Bur i: Oslo

Sivilstatus: Kjærast 

Har drive med blogging: 1 år

Følgarar på Instagram: 70 000

Studerer: Andre året av bachelor i PR og marknadskommunikasjon

Artige erfaringar: Har vore intervjuar for eit amerikansk cricketlag eit par sesongar