Frode Aga og Berit Kongsvik har vore i lag sida 1979. 28. desember har dei drive Hallingstuene på Geilo i 30 år.
Frode Aga og Berit Kongsvik har vore i lag sida 1979. 28. desember har dei drive Hallingstuene på Geilo i 30 år.

Aga og Kongsvik: Par i mat

Nokon gourmetrestaurant vil dei ikkje ha på seg å vera. Men folk har gått flittig på Hallingstuene i tre tiår.

– Det hadde aldri vore nokon Hallingstuene utan Berit. Ho har vore her nesten kvar einaste laurdag i 30 år.

Kokken Frode Aga er heilt klar: sjølv om det er han som oftast stikk fram nasen, er det kona Berit Kongsvik si forteneste at restauranten feirar 30 år 28. desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

UTE STÅR ein diger Mercedes. Inne står eine eigaren og skurar golvet. På fridagen sin. Her i huset vaskar dei «trappa ovanfrå og ned».

Skurekluten legg att ein eim av granbar på tregolvet som endeleg kan slappe av. Elles har det travle kveldar med å bera gjestene innover i stovene. Golvet klagar aldri. Det slepper kanskje frå seg eit knirk eller to, men som oftast druknar desse i larmen frå lystige lag.

Men no er det stille. Berre lyden av våt klut mot golv.

Frode Aga og Berit Kongsvik har vore i lag sidan 1979.  Stort sett er det Frode Aga som stikk fram nasen. Sjølv meiner han det er kona som fortener honnør.
Frode Aga og Berit Kongsvik har vore i lag sidan 1979. Stort sett er det Frode Aga som stikk fram nasen. Sjølv meiner han det er kona som fortener honnør.
Frode og Berit trefte kvarandre på kokkeskulen på Åndalsnes i 1979.
Frode og Berit trefte kvarandre på kokkeskulen på Åndalsnes i 1979.
Frode Aga og Berit Kongsvik har vore i lag sida 1979. 28. desember har dei drive Hallingstuene på Geilo i 30 år.
Frode Aga og Berit Kongsvik har vore i lag sida 1979. 28. desember har dei drive Hallingstuene på Geilo i 30 år.
Vertskapet på Hallingstuene er ikkje redd for å overraske når det gjeld garnityren.
Vertskapet på Hallingstuene er ikkje redd for å overraske når det gjeld garnityren.
Vinkjellaren på Hallingstuene har vorte ein av Norges beste.
Vinkjellaren på Hallingstuene har vorte ein av Norges beste.
Berit Kongsvik har ikkje vore så mykje i rampelyset som mannen Frode Aga. Likevel er det ho som er sjef.
Berit Kongsvik har ikkje vore så mykje i rampelyset som mannen Frode Aga. Likevel er det ho som er sjef.
Frode Aga og Berit Kongsvik har vore i lag sida 1979. 28. desember har dei drive Hallingstuene på Geilo i 30 år.
Frode Aga og Berit Kongsvik har vore i lag sida 1979. 28. desember har dei drive Hallingstuene på Geilo i 30 år.
Frode Aga har sjølv vore ute og plukka sopp til kjøkkenet. Det er sjelebot og meditasjon.
Frode Aga har sjølv vore ute og plukka sopp til kjøkkenet. Det er sjelebot og meditasjon.
Vinkjellaren på Hallingstuene er stor.
Vinkjellaren på Hallingstuene er stor.
Vinkjellaren på Hallingstuene er i dag ein av Norges beste.
Vinkjellaren på Hallingstuene er i dag ein av Norges beste.
Frode Aga er eit kjend tv-fjes. Som kokk i fleire program opp gjennom åra.
Frode Aga er eit kjend tv-fjes. Som kokk i fleire program opp gjennom åra.
Frode Aga og Berit Kongsvik har vore i lag sida 1979. 28. desember har dei drive Hallingstuene på Geilo i 30 år.
Frode Aga og Berit Kongsvik har vore i lag sida 1979. 28. desember har dei drive Hallingstuene på Geilo i 30 år.

Og eimen av noko anna.

Smalahova trekker i digre kasserollar. Kjøkkenet luktar av sopp som nyleg er teken opp av molda. Nevane til kokken sjølv har leita dei fram. Rein meditasjon, skal me tru han som sit i kokkeklede, flirer og slår av ein prat, medan ho skurar golvet. Vel sprett han opp innimellom for å sjekke noko på kjøkkenet. Lett på foten.

Det rungar når Frode Aga ler. Kroppen følger med. Han har eit levande andlet med mykje humør. Og det smittar. Ein blir glad i hans selskap. Med kona Berit Kongsvik er det likeins. Og ho er passeleg avslappa også. Til å kunne traktere 120 gjester ein travel kveld.

– Men då er Frode for mykje armar og bein. Han er berre i vegen, seier ho bestemt. Og Frode lystrar. Hans skjerv i drifta er å legge alt til rette på kjøkkenet. Og kan hende slenger han innom på kveldstid, men då for å underhalde med grovkorna vitsar og saftige historier. Som er sanne, nesten. Ein kan aldri vite med ein som er uoffisiell norgesmeister i juging.

PÅ HALLINGSTUENE jaktar ganar dei gode smakane. Her er veggane kledd i bondefargar. Kjeraldet i rosemåling. Gjestene kan vere kledd i både smoking og skidress. Borda står tett og lunt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grilla fjellaure med varmt sitronurtesmør eller reinsdyrfilet med viltkremsaus og sesongens grønsaker. Hallingstuenes signaturrettar.

– Me prøvde å ta vekk reinsdyrfileten, men den måtte me setje på menyen att, fortel Aga.

Han er kjend som tv-kokk. Men at han på 80-talet vart kåra for å ha laga den mest elegante fiskeretten ved akvakulturmessa i Verona, vil han ikkje ha på seg. Då slenger han ut med armane, hoppar på krakken og snerrar.

– Det var ein kamerat av meg. Eg var berre med eg, ropar han ut i stovene og lurar på korleis han kan få sensurert Wikipedia.

Alt dette tv-styret har han gjort medan Berit har traktert hus, fem ungar og Hallingstuene. Ho må vere eit råskinn? Frode smiler lurt.

Når sant skal seiast, undrar me korleis Frode er vorte så scenevand. Me har nemleg fått fortalt at på skulen var han den mest sjenerte ungen som tenkast kan. Kva skjedde?

– Han trefte meg, flirer Berit med nordfjorddialekten. Roleg og i eit alltid like stabilt toneleie.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

FRODE FRÅ ÅLVIK trefte Berit frå Hornindal på kokkelina på Åndalsnes i januar 1979. Og det vart full klaff.

Frode hadde bak seg kokkeskule, militært kokkekurs og ni månader ved radarstasjonen i Honningsvåg. Som kokk utan fagbrev på Geilo Hotell eit par år, var det på tide å ta fagbrev som privatist, etter påtrykk frå ein kamerat.

– Frode treng kanskje å bli pusha litt?

– Elles hadde det vel gått som med sertifikatet, humrar han.

At Frode Aga køyrde utan lappen i 22 år, er ei dårleg skjult hemmelegheit. Det måtte til ei melding frå Hol lensmannskontor før han tok affære. Rykta hadde gått.

– Petter Braaten, som då var politimann, skreiv at dei visste at eg ikkje hadde lappen. Eg måtte berre kome innom og få råd om kor eg kunne ta den, seier han og ser uskuldig ut. Ei liten stund.

Det hadde seg nemleg slik at då Frode og Berit tok over Vollen fjellstove i Folldal, følgde det med bil. Ingen av dei hadde lappen. Og fjellstova låg eit stykke frå sentrum. Og varer måtte dei ha.

Så Frode måtte berre køyre han. Til butikken. Til Røros, Dombås og Hjerkinn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berit starta med køyretimar medan dei var i Folldal.

– Men eg som allereie hadde køyrd eit halvt år, kunne ikkje då plutseleg starte å ta lappen! Frode ler, og reiser seg frå krakken att. Det er noko han må sjekke på kjøkkenet. Eller er han kanskje berre litt rastlaus?

Han tok intensivkurs på Voss. Han og ein annan som hadde køyrd utan lappen i 13 år. Sensoren var harding, så Frode håpa på litt goodwill. Han var dritnervøs.

– Hadde eg ikkje teke lappen då, hadde eg aldri teke han.

– Kvifor tok du han ikkje før?

– Frode hatar å lesa, kjem det frå kona.

– Er dette det verste du har gjort, Frode?

– Ja, svarar kjerringa att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har alltid vore snill eg, blunkar Frode.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

PÅ VOLLEN VAR PARET i to år og lærte seg spesielt ein ting. Økonomi.

– Me betalte halvparten av det me tente i husleige. Gjorde alt sjølv. Men det var lærerikt. Rekneskapsføraren vår sa at me skulle ha fem øre forteneste på kvar krone. Me hadde over 30 øre, fortel ålvikingen.

Før fjellstovejobben var Frode Aga på Cafe Engebret i Oslo. Berit var lærling på Hotel Continental.

– Me var liksom ikkje skikkeleg i lag. Men då eg merka at ho vart litt lei meg, fann eg ut at eg måtte gjere noko. Eg spurte om me skulle reise heim til Ålvik på ferie i lag. Det var liksom det same det, smiler han. Frå då av har det vore dei to. Pluss etter kvart fem til. Døtrene Myrtel, Jade, Viel, Linde og Tale Heid. Ikkje rart pappa Frode kan bli litt rastlaus i blant. Som einaste hane i flokken.

– Er det å vere kokk båe to i samsvar med familieliv?

– Berit ordnar opp. Og ho har vore i jobb heile tida. Har verkeleg ofra seg for Hallingstuene, påpeiker Frode. Han er stolt av kona si. I tillegg vart han tidleg klar over at det er jentene som er sjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det innsåg eg for mange år sidan. Eg brukar ikkje mange kaloriane på det, seier han.

Berit går i skytteltrafikk mellom heimen og Hallingstuene. Har ein finger med i alt. Sjølv golvvasken overlèt ho ikkje frivillig til andre. Det kan gå litt ut over det sosiale livet utanfor desse to områda i livet.

– Eg har berre vore her i restauranten, eller med ungane. Veit du, eg har faktisk amma i 12 år, eg. Dei spurte om det då eg var på mammografi, ler ho. Ho innser at ho sosialt sett like gjerne kunne budd på ei fjellstove langt inne på Hardangervidda.

– Eg har vel knapt vore på ski. Jo, forresten. Ein gong var eg på ski, kjem ho på. Men er snar med å leggje til at det er sosialt her på Hallingstuene også. Og så held ein seg ung til sinns, med så mykje ungt arbeidsfolk rundt seg.

– Korleis kombinere full jobb og fem ungar?

– Må ein, så må ein!

INDUSTRIARBEIDARSONEN FRODE starta karrieren som gardsgut og kjøkkenhjelp på Maurset Hotel etter å ha vore inspirert av husstellærar Fru Tærum på skulen. Berit Kongsvik synte kokke-genet heime på småbruket der ho hang over grytene til mor si. Og Berit bakte kaker i 4H. Ungjenta vart rasande om ho oppdaga at oppskrifter ikkje stemde. Slik er det ikkje i kokeboka til Frode, der sjølvaste kokkelærar og petimeter Fritz Knott stod for ein del av oppskriftene.

Før dei kom til Geilo, var kokkeparet kjøkkensjef og soussjef på Sunnfjord hotel. Men for 30 år sidan fekk dei høve til å drive eigen restaurant på Geilo. Og for ti år sidan kjøpte dei bygget.

{{imageLeft}}

Kokkeparet Aga og Kongsvik er samde om at dei ikkje kunne vorte anna enn kokkar.

– Hallingstuene er ikkje nokon gourmetrestaurant. Me er ein vanleg restaurant som lagar mat frå botnen av, påpeiker Berit.

– Matkonseptet er fisk og vilt. Me lagar rakfisk, og norsk mat med ein liten touch. Serverer potet og saus ved sida av, så alle blir mette. Me grillar reinsdyrfileten på same måte som me gjorde for 30 år sidan. Berre garnityren forandrar seg, seier Frode.

Me har høyrt at dei har servert kråke?

Jau då, Frode nikkar. Det hender gjestene har spesielle ønske.

– Eg dryssa elgmus over værballane til Aune Sand, fortel Berit.

– Elgmus? Høyrde me rett?

– Ja, elgfitte, då. Eg laga pulver av ho. Aune lurte på om det gjekk av å lage elgmus-entrecote til neste år. Me får sjå.

Me lurar på om det er ein test ho utset oss for. Me berre nikkar og smiler. Garnityr er vel garnityr. Og alle delane på dyret kan sikkert brukast. Det er dei som er kokkar.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

– Korleis har de halde ut med kvarandre i alle desse åra?

– Me har same interesse. Og så handlar det om å vere sjenerøs, seier Berit og kikkar bort på mannen. Han er oppteken av å opne dørene inn til vinkammeret. Raslar med nøkkelknippet. Her ligg 6000 flasker i det som truleg er ein av Norges beste vinkjellarar. Vin er jo også ein hobby. Om enn eksklusiv.

– Men eg plukkar sopp når eg skal slappe av, seier Frode.

I oktober reiser dei til Thailand, som dei har gjort kvart år dei siste åra. Heile gjengen. Til Pattaya. Der Frode var tidleg på 70-talet. Då var det 7000 innbyggarar der. No er det vel over millionen.

– Men det var før aidsen det, altså, humrar han.

– Eg vaskar huset når eg skal slappe av, seier Berit og startar opp Mercedesen. No skal ho heim og vaske. På fridagen sin. 

.