Turen frå Finse til Ustaoset kan bli vindfull for dei 12.000 som skal gå rennet.
Turen frå Finse til Ustaoset kan bli vindfull for dei 12.000 som skal gå rennet.

Vind stoppar ikkje Skarverennet

I år gjeld det å ha med ekstra klede i ryggsekken. for skarverennsdeltakarane.

Det er mykje snø og kjempeforhold i løypa mellom Finse og Ustaoset.

Men i år må løparane førebu seg på eit friskare ver. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Yr.no melder om liten kuling om morgonen laurdag som aukar til stiv kuling ut på dagen.

-  Ifølgje Meteorologisk Institutt som me har vore i kontakt med torsdag blir det  10-12 sekundmeter vind. Eg er ikkje redd for veret. Det blir skirenn, seier leiar i organisasjonskomiteen, Jarle Uthus.

12.200 skiløparar gjer seg klare til å gå dei 37 kilometrane frå Finse til Ustaoset. I tillegg til to kortare alternativ frå Haugastøl. Dei må førebu seg på ein friskare tur enn det vanlegvis har vore. For Skarverennet har stort sett vore bada i fint ver.

- Det gjeld å ta med seg vindtette klede. Ingen slepp ut i fjellet i dårlege klede, seier Uthus.

- Blir det sett i gang ekstra tryggingstiltak?

- Me følgjer sikkerheitsplanen som er lagt. Det blir renn og full fart, seier Jarle Uthus.