Taubane-bygget i Geilo sentrum, vis a vis Geilo stasjon, har sett betre ut. No er det truleg rivingsklart alt i haust eller på nyåret.
Taubane-bygget i Geilo sentrum, vis a vis Geilo stasjon, har sett betre ut. No er det truleg rivingsklart alt i haust eller på nyåret.

Vil rive gamle taubanen

Målingsflass på taubanen i Geilo sentrum røper at det har vore betre tider. Bygget blir truleg rive i haust for å gi plass til framtida.

Vegarbeidet er i full gang. Turhus Maskin er i ferd med å senke Hegnavegen slik at ei gangbru frå Geilo stasjon kan kome rett inn i eit planlagd nybygg.

– Me får ei god løysing. Hol kommune skal ha ros for at dei kasta seg rundt, seier Arne Pålgardhaugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var nemleg ikkje planen å senke vegen, men då dei nye eigarane oppdaga kva som var i ferd med å skje kontakta dei kommunen. Problemet var at planen kunne hindre utvikling av tomta.

– No får me ei god løysing. Me sikrar området slik at infrastruktur ikkje spolerer for noko nytt, seier Pålgardhaugen. Og det nye handlar om at Geilos første taubane er historie. Bygget må vike plassen for eit nytt taubanebygg.

– Det var her Geilo Skiheiser starta, men vårt mål er at den nye tida også skal starte her, som ein inngangsport til Geilo som skidestinasjon. Eit nytt hovudpunkt, seier Pålgardhaugen.

Bygget vil etter alt å døme bli rive i haust eller til neste år.