I eit intervju med Hallingdølen i november sa Østfold-mannen at han er førebudd på ei lang fengselsstraff. – Eg gruer meg til rettssaka og møtet med dei etterlatne, sa han.
I eit intervju med Hallingdølen i november sa Østfold-mannen at han er førebudd på ei lang fengselsstraff. – Eg gruer meg til rettssaka og møtet med dei etterlatne, sa han.

Vedgår straffskuld etter hyttedrapet

25-åringen frå Østfold vedgjekk i Hallingdal tingrett i dag at han drap sambuaren på familiehytta i Gulsvik i juli fjor.

Ein 25-åring er tiltalt for å ha drepe sambuaren sin med 21 knivstikk. I dag møter han i Hallingdal tingrett. Der stiller også eit stort medieoppbod.

Mannen frå Østfold er tiltalt for drapet i familiehytta i Sørbølfjell i Gulsvik om morgonen 18. juli i fjor. I eit intervju med Hallingdølen i november sa han at han er førebudd på ei lang fengselsstraff.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg gruer meg til rettssaka og møte med dei etterlatne, sa han.

LES OGSÅ: Forstår ikkje korleis han kunne drepe sambuaren:  "Det er så meiningslaust".

Tilrekneleg

Då Hallingdølen møtte han i Ringerike fengsel, hadde han inga forklaring på kva som skjedde og kvifor. Han hugsa ikkje noko.

Ein mann frå Østfold er tiltalt for drapet i familiehytta i Sørbølfjell i Gulsvik 18. juli i fjor.
Ein mann frå Østfold er tiltalt for drapet i familiehytta i Sørbølfjell i Gulsvik 18. juli i fjor.

Politiets teori har vore at han frykta at sambuaren skulle gå ifrå han. Denne teorien er avvist av forsvararen hans, advokat Sindre Løvgaard. I føremiddag vil retten høyre mannens eiga forklaring. Rettspsykiatrane har konkludert med at han var tilrekneleg.

Kolliderte

Etter drapet stakk tiltalte frå hytta.

På Rv7 i Gulsvik kolliderte han med ein møtande bil. Han hadde 1,10 i promille. Han er tiltalt for promillekøyring og for å ha kollidert med bilen med vilje. Sjåføren i den andre bilen måtte køyre i fjellveggen for å unngå ein front mot frontkollisjon. Det er sett av fire dagar til rettsforhandlingane i Hallingdal tingrett. Retten blir administrert av sorenskrivar Stein Arne Vedde.