Det vart jobba på spreng for å få unna dei verste vassmengdene frå Gol campingsenter, der det er festival denne veka.
Det vart jobba på spreng for å få unna dei verste vassmengdene frå Gol campingsenter, der det er festival denne veka.

Vårdansen er berga - så langt

Ved Gol Campingsenter har elva slutta å stige. Flaumvatnet var berre centimeter ifrå å nå flaumsikringa.

Gol Campingsenter har fullt opp med tilreisande til årets utgåve av Vårdansen, som går av stabelen i helga. Godt vêr med høge temperaturar dei siste dagane har vore bra for festivalstemninga, men dessverre også for snøsmeltinga.

Nære på

– Hadde elva stige 20–30 centimeter til, ville den gått over flaumsikringa. Då veit eg ikkje kva som ville skjedd. Det ville blitt veldig vått innover på campingen. Heldigvis såg vassføringa ut til å nå ein topp ved halv ni tida i dag tidleg. Elva har slutta å stige. Det var me heilt avhengige av, viss ikkje hadde det vore krise, seier Magne Hoftun, eigar av Gol Campingsenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

På plass med pumpa

Hoftun har sjølv to søvnlause netter bak seg på grunn av flaumen. No jobbar Gol brannvesen på spreng for å pumpe vatnet som har nådd campingplassen ut att i elva.

– Eg er veldig takknemleg for at brannvesenet har stilt opp med enorm innsats. Festivalteltet står såpass langt opp, slik at Vårdansen førebels har gått unna som planlagd utan å bli påverka av flaumen, seier Hoftun.

SJÅ BILETE FRÅ FLAUMEN I HALLINGDAL HER

Vatnet har slutta å stige på Gol Campingsenter.
Vatnet har slutta å stige på Gol Campingsenter.
Flaumvatnet let seg ikkje stoppe av ein campingbil eller tre.
Flaumvatnet let seg ikkje stoppe av ein campingbil eller tre.