Ein mann (36) frå Nore og Uvdal har vore sakna sidan han la ut på fisketur for tre veker sidan.
Ein mann (36) frå Nore og Uvdal har vore sakna sidan han la ut på fisketur for tre veker sidan.

Uvdøl sakna i tre veker

Politiet ber no om hjelp etter at ein uvdøl har vore sakna i tre veker.

Ein mann (36) frå Nore og Uvdal har vore sakna sidan han la ut på fisketur for tre veker sidan, ifølgje Laagendalsposten.

Storstilt leiteaksjon

Tysdag sette politiet i verk ein leiteaksjon etter mannen. Politiet veit ikkje kvar han skulle, men har fått opplyst av familien kva for område han pleier å reise til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har søkt frå Branngårdslia i Uvdal over til Læøyngårdsået og mot Lufsjå og Gråvåranden, men såg ingenting som kunne knytast til personen. Det er umogleg å starte bakkesøk utan å ha noko å gå etter, seier Bjørn Lande, politiførstebetjent ved Nore og Uvdal lensmannskontor, til Laagendalsposten.

Ber om tips

Politiet går difor ut med ei saknamelding for å gjera jegerar og andre fjellvandrarar merksame på situasjonen.

– Om nokon treffer på han eller ser spor som kan knytast til ein sakna person, ring politiet på 02800, seier Lande.

Det er for tida mykje folk som ferdast i fjellet. Lande fortel at det ikkje er uvanleg at den sakna mannen legg ut på fisketurar på kring to veker. Men no som det har gått tre veker og han heller ikkje gav lyd frå seg på bursdagen sin, kontakta familien politiet.

Telefonen hans har ikkje vore påskrudd i august månad, noko som kan ha samanheng med at den er tom for straum.