Mattilsynet vil utrydde villreinstamma i Nordfjella sone 1,  for å overvinne skrantesjuka.
Mattilsynet vil utrydde villreinstamma i Nordfjella sone 1, for å overvinne skrantesjuka.

- Utrydd villreinstamma innan 1. mai neste år

Tilrådinga frå Mattilsynet er klar: villreinstamma i Nordfjella skal takast ut innan eitt år.

I slutten av mars bad landbruks- og matminister Jon Georg Dale Mattilsynet om å førebu utskyting og sanering i sone 1 i Nordfjella.

Innan eitt år

Oppmodinga kom i tråd med konkrete risikovurderingar og tilrådingar i den ferske rapporten frå Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) som vart offentleggjort i mars. No er altså Mattilsynet si endelege tilråding klar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mattilsynet meiner det er viktig å få gjennomført tiltaka i VKM-rapporten innan kort tid. Målet er at uttaket av flokken i Nordfjella skal skje innan eitt år, konkluderer Karen Johanne Baalsrud, direktør for planter og dyr, i sitt brev til Landbruks- og matdepartementet.

Følgjer råd frå VKM

– VKM-rapporten er tydeleg på at heile sone 1 må fjernast dersom ein skal gjere eit forsøk på å utrydde sjukdomen. Det er ingen garanti for om ein vil lykkast, men dersom ein ikkje gjer dette raskt, vil sjukdomen heilt sikkert spreie seg, og målet om å bli kvitt sjukdomen må fråfallast, skriv Baalsrud.

Fem års brakklegging

Før avlivinga kan starte, skal det utarbeidast ein saneringsplan, med vilkår og tidsfristar. Mattilsynet ynskjer derfor å opprette ei lokal tiltaksgruppe leia av Miljødirektoratet, og med representantar frå mellom anna NINA, Veterinærinstituttet, Mattilsynet, tamreinnæring, villreinnemnd og grunneigarar. Mattilsynet avgjer når og korleis saneringsplanen skal gjennomførast. I tillegg til å skyte ut stamma i sone 1, på kring 1800–2000 dyr, anbefaler dei å leggje området brakk i ein periode på minst fem år. Saneringsplanen skal derfor innehalde punkt om brakklegging, samt planar for å føre inn ein frisk villreinstamme i Nordfjella sone 1 mellom Fv50 Hol-Aurland og Rv52 Hemsedalsfjellet. «Mattilsynet meiner at all villrein i Nordfjella sone 1 skal takast ut innan 1.5.2018, jamfør anbefalingar frå VKM-rapporten», heiter det i brevet.

Villreinen i Nordfjella.
Villreinen i Nordfjella.

– Sjølv om uttak er lettare å gjennomføre på vinteren, så er det ikkje umogleg å få tatt ut dyr i sommarsesongen. Me ser likevel at uventa hendingar, til dømes vêrforhold, vil kunne verke inn på gjennomføringsfristen, heiter det i brevet.

Ikkje bestemt

– Dette er berre status på korleis me ser for oss at me skal arbeide framover. Saka har vore haussa opp litt, når det har vore sagt at ting skulle vera klart over påske. Me vil følgje opp rapporten frå VKM, der fleire faginstansar er veldig tydelege på sine tilrådinga. Og dei grunngir desse godt. Me meiner at så lenge det er mogleg at sjukdomen berre finst i eit område, så bør me planleggje å ta bort den flokken, seier Baalsrud. 

«Alle i ein smekk»

Samstundes peikar ho på at det framleis ikkje er bestemt om villreinstamma i Nordfjella skal sanerast eller ikkje. Mattilsynet har heller ikkje etablert om det er praktisk gjennomførbart å ta ut villreinstamma innan sagt tid.  

– Å seie at de vil ta ut stamma innan 1.5.2018 er veldig konkret. Kvifor seier de det viss de ikkje veit om det er gjennomførbart? 

– VKM er veldig konkrete. Og det står mange plassar i vårt brev at me kanskje må revurdere både måten avlivinga skjer på, kor fort det skal skje, og om det i det heile tatt skal gjerast. Me veit ikkje korleis me kan lukkast med eit slikt stort prosjekt. Det beste hadde vore om me kunne få tatt alle i ein smekk. Då kan me forsikre oss om at smitten ikkje spreier seg, og samstundes få i gang brakklegginga. Vitskapskomiteen seier at sjølv om sjukdomen skulle dukke opp fleire plassar, så vil sanering vera eit viktig tiltak. Me har ingen avgjerd om at dette skal gjerast. Og me kan heller ikkje setje det i verk eller be andre myndigheiter om å leggje planar før dette er avgjort. Det er ein «høna eller egget» situasjon. Vår oppgåve er å førebu moglege tiltak, men ingenting er avgjort, seier Karen Johanne Baalsrud.