Ei kvinne omkom i ein frontkollisjon mellom ein personbil og ein semitrailer i Hemsedal.
Ei kvinne omkom i ein frontkollisjon mellom ein personbil og ein semitrailer i Hemsedal.

Ulykka på Rv52: Frigir namnet til den omkomne

Personbil frontkolliderte med semitrailer.

Den var Anita Riber (52) som mista livet i ei møteulykke på Rv52 i Hemsedal torsdag 7. juni.

Den omkomne var busett i Hemsedal og var på veg i retning Hemsedal då bilen hennar kolliderte med eit vogntog frå Vestlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kollisjonen skjedde i 19-tida i ein venstresving på Rv52 nokre kilometer sør for Ulsåk.

Det var sjåføren av vogntoget som først melde frå om ulykka. Mannen i 40-åra kom sjølv fysisk uskadd frå samanstøyten. Legen i luftambulansen konstaterte seinare at den kvinnelege sjåføren av personbilen hadde mista livet i kollisjonen.

– Veit de noko meir om årsak?

– Det er for tidleg å seie. Det blir jobba med dette og me ventar på rapportar frå ulykkeskommisjonen, seier seksjonsleiar Pål K. Mikkelrud i politiet. Det er han som har hatt ansvaret for oppfølginga knytt til dei pårørande frå politiets side.

Politiet har ikkje konkludert, men bremsespor på staden kan tyde på at vogntoget har køyrd på rett side av vegen. Personbilen har treft vogntoget i front og deretter blitt kasta tilbake og ut av vegbanen der han hamna på taket. Vegen var stengd ein periode i samband med ulykka.