Røde Kors hjelpekorps.
Røde Kors hjelpekorps.

Udramatisk påske for hjelpekorpsa

Hjelpekorpsmannskapa i Hallingdal og Nore og Uvdal har hatt fleire transportoppdrag enn i fjor, men ingen større redningsaksjonar.

Det fortel vaktleiar Robert Bø ved informasjonssentralen til Buskerud Røde Kors hjelpekorps.

Ifylgje Bø har ein hatt 24 transportoppdrag på oppdrag for AMK-sentralen i Buskerud. Mange av desse har vore knytt til brotskader. I tillegg har hjelpekorpsmannskapa i Nore og Uvdal og på Geilo hjelpt til med å transportere ut sjuke skituristar frå fleire av turisthyttene på Hardangervidda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hjelpekorpsmannskapa har også behandla eit tredvetals mindre skader. – Men trass i strålande påskevêr har me ikkje hatt nokon skader knytt til solforbrenning. Det er nesten oppsiktsvekkande. Folk har vorte mykje flinkare til å bruke solkrem, og til dekke seg til, seier Bø.

I løpet av påska kom det inn tre meldingar om sakna personar. Ei melding frå Golsfjellet og to i Nore og Uvdal. Alle leiteaksjonane vart avslutta etter kort tid då dei sakna kom til rette.

– Det har vore travelt, men ei udramatisk påske, konkluderer Bø.