- Det var ein kraftig kollisjon, seier innsatsleiar i Sør-Øst politidistrikt, Stig Sundfjord.
- Det var ein kraftig kollisjon, seier innsatsleiar i Sør-Øst politidistrikt, Stig Sundfjord.

Tre skadde i front mot front-kollisjon

Tre personar er frakta til sjukehus eller legesjekk etter ein kollisjon på Hemsedalsfjellet måndag kveld.

Politiet fekk melding klokka 19.47 måndag kveld om at ein personbil og ein varebil hadde frontkollidert på Rv52 i Hemsedal. 

Totalt sat det tre personar i dei to bilane. Ein vart sendt til Ringerike sjukehus i luftambulanse, dei to andre til legevakt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var ein kraftig kollisjon, seier innsatsleiar Stig Sundfjord på ulykkesstaden. 

Ulykka skjedde ved Støytenstølen i Mørkedalen, ifølgje Sør-Øst politidistrikt.

Rett før klokka 21 var Rv52 framleis stengt, og det begynte å bli lange køar på staden. Ein halv time seinare var vegen rydda og open for trafikk.

Det vart lange køar etter trafikkulykka ved Storeskar.
Det vart lange køar etter trafikkulykka ved Storeskar.
Kollisjon på Rv52.
Kollisjon på Rv52.
Rv52 i Hemsedal.
Rv52 i Hemsedal.
Tre personar vart skadde i frontkollisjonen.
Tre personar vart skadde i frontkollisjonen.