Traileren velta utfor vegen.
Traileren velta utfor vegen.

Trailer velta

Ein semitrailer velta på Vassfarvegen.

Politiet fekk melding ved halvfem-tida tysdag ettermiddag.

Då ambulansen kom til stades, vart det konstatert at sjåføren ikkje var alvorleg skadd. Han vart køyrt til legevakta i Nesbyen for sjekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Semitraileren var på veg frå Nesbyen mot Hedalen i Valdres. Ulykka skjedde like før fylkesgrensa. Spor på staden viste at traileren av ein eller annan grunn hadde kome for langt ut på vegskuldra og velta utfor vegen. Det var ingen andre bilar involvert i ulykka.