Torsdag kveld var det trafikkdirigering forbi Reiersgard på Nordbygdvegen i Ål på grunn av store vassmengder i vegen.
Torsdag kveld var det trafikkdirigering forbi Reiersgard på Nordbygdvegen i Ål på grunn av store vassmengder i vegen.

Trafikktrøbbel på fylkesvegen i Nordbygdene i Ål

Vatn fløymde torsdag kveld over på Fv244 ved Reiersgard i Nordbygdvegen i Ål.

Seint torsdag kveld vart det vanskar på fylkesvegen i Nordbygdene. Like ved garden Reiersgard, i stigningane opp frå Gullhagen, fløymde vatnet over og skapte vanskar for trafikken.

Hallingdølen var i kontakt med folk i området i 22.30-tida. Då var det trafikkdirigering på staden, og trafikken vart sleppt forbi puljevis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart arbeidd med maskiner for å få kontroll på vassmassane.