Det er kraftig vind i fjellet, og det skal bli verre utover dagen.
Det er kraftig vind i fjellet, og det skal bli verre utover dagen.

Torstein Seim: - Me kan ikkje gamble med folks liv og helse

Rennleiinga måtte kaste inn handkledet. Skarverennet er avlyst.

Den endelege avgjerda vart tatt på eit jurymøte tidleg på morgonen i dag. Med på møtet var rennleiinga, tekniske delegert, Røde Kors og politiet. Å sende 12000 løparar til Finse og høgfjellet slik veret er no, ville vore uansvarleg, meniner juryen. Avlysing var dermed einaste utgang, noko arrangøren er den fyrste til å beklage. Dette er fjerde gongen Skarverennet er blitt avlyst i rennets 45 år lange historie.. 

Uforsvarleg

Tidlegare på morgonen hadde politiet ute snøskuterpatruljar som målte vindstyrken og sende inn verrapportar frå løypa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og diverre – verrapportane stemde med vermeldinga. Vinden auka på utover morgonsida og er venta å auke ytterlegare utover dagen. Ifylgje yr.no kan vindstyrken kome opp i 19 sekundmeter på dei høgste partia i løypa. Dette tilsvarar stiv kuling. Vinden kjem frå nord-nordvest. Deltakarane ville dermed fått den i ryggen, men å sende 12000 deltakarar ut i høgfjellet i stiv kuling er uforsvarleg, meiner juren som måtte ta det vanskelefg valet.

"Værforholdene i fjellet og videre utover dagen er slik at det ikke er forsvarlig å igangsette Skarverennet. Dette medfører at alle avganger for Skarverennets tog er innstilt. Tog som allerede er på vei, returnerer til startsted", heiter det i pressemeldinga frå arrangørane no på morgonsida. Deltakarane er varsla via sms, på Skarverennets nettsider og på Facebook.

LES OGSÅ: Vêret på Finse i dag.

Slik ser det ut ved drikkestasjon nummer to tidleg laurdag morgon. Skarverennet måtte avlysast.
Slik ser det ut ved drikkestasjon nummer to tidleg laurdag morgon. Skarverennet måtte avlysast.
Her vann Therese Johaug (t.h.) kvinneklassa i Skarverennet for andre gong i 2008. Marit Bjørgen tok tredjeplassen. I år blir det ikkje noko skarverenn for dei to skistjernene.
Her vann Therese Johaug (t.h.) kvinneklassa i Skarverennet for andre gong i 2008. Marit Bjørgen tok tredjeplassen. I år blir det ikkje noko skarverenn for dei to skistjernene.

- Enkelt val

Lensmann Torstein Seim i Hol seier det var eit enkelt val for juryen. Rett nok var ikkje vinden så sterk som frykta, men det var kraftig bakkeføyke. Løypene blæs att etter kort tid. At vinden skal auke ut over dagen tilsa også at avlysing var det einaste rette.

- Me kan ikkje gamble med folks liv og helse, og sikkerheiten. Men sjølvsagt er det surt å måtte avlyse. Mange har lagt ned ein kjempeinnsats. Og det er mange skuffa deltakarar, seier Seim. 

Evakueringspatruljar

Sikkerheitsansvarleg for Skarverennet, Odd Gjestemoen, meiner avlysinga var det einaste rette. Det var politiet som tok den endelege og vanskelege avgjereda. Men alle i juryen var samde.

- Uveret har dradd på. Vindstyrken er målt opp mot liten storm i dei mest verutsette områda. Det er tett snøføyke og berre 20—30 meter sikt, opplyser Gjestemoen.

Tre evakueringslag og 50 snøskuterar er sendt ut for å sjå etter at ingen har tatt seg ut i løypa. Så langt har ein stoppa 8-10 løparar. Dette blir stadfesta av Reidar Brusletto som har ansvaret for ambulanseskuterane på Finse. – Uveret har dradd på kraftig dei siste timane. No ser ein nesten ikkje frå stikke til stikke. Eg vil difor på det sterkaste frårå folk å ta seg inn i fjellet i dag, seier Brusletto.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men på Geilo er det sol og langt mindre vind. Gjestemoen rår deltakarane til å ta seg ein skitur i nærområdet. – Eller ein kan rusle i butikkar, finne seg ein kafe og nyte dagen i solveggen.

Pressemelding

Arrangørane har nyleg sendt ut fylgjande pressemelding:

Helga er ikke over. Fra 09.00 blir det nytråkket skiløyper rundt Ustedalsfjorden og på Kikut (Fv40, 3 km i fra Geilo). Skarverennet har satt opp busser som starter shuttle i fra Geilohallen kl 09.00.Disse går innom Bardøla og Vestlia Resort. Butikken i Geilohallen er åpen frem til 17.00. Her serveres det også fri småmat i startnummer teltet. Swix tilbyr smøreservice for dagens forhold utenfor Geilohallen. De som har kjøpt smørekort kan benytte dette her. Også mulighet for skirens og pålegging av sommerlagringsvoks. Dette frem til 15.00.

Surt for Bjørgen og Johaug

Avlysinga er ekstra surt for Marit Bjørgen og Therese Johaug. Årets Skarverenn skulle vera Bjørgens siste skirenn som aktiv skiløpar og markere avslutninga på ein fantastisk skikarriere. Avlysinga betyr at Bjørgens skikarriere no er over.

Likevel kan Bjørgen bli å sjå i seinare Skarverenn. Fredag kveld vart ho utropt til æresdeltakar i rennet. Bjørgen får dermed gratis deltaking resten av livet, og gratis overnatting for seg og familien i ti år.

Avlsyinga er også ein nedtur for Therese Johaug. Johaug skulle gått sitt fyrste skirenn etter at den 18 månader lange dopingdommen var ferdigsona tidlegare denne veka.