Tørrkokt kjele tok fyr

Nødetatane rykte ut etter melding om brann i eit bustadhus i Hol tidleg laurdag ettermiddag. 

Det var ein kjele i huset i Høgehaugvegen som hadde tørrkokt, men brann vart heldigvis avverga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein person i huset klarte sjølv å bera kjelen ut på verandaen. Det var dermed berre nødvendig med noko utlufting i huset.