annonse

Tore Bøygard valt inn i IBU-styret

Spennande
Spennande: Tore Bøygard kjempar om ein plass i IBU-styret. (Foto: Arkiv)

Svenske Olle Dahlin vart vald til president i det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU). Tore Bøygard er valt inn i styret.

Mona N. Stensvold

Fredag ettermiddag gjekk IBU-kongressen til val i Kroatia. 
På programmet stod val av nytt styre, med både president, 1. visepresident og medlemmer.

Tore Bøygard (Ål) var lansert som norsk kandidat til både vervet som 1. visepresident og vanleg styremedlem. Svenske Olle Dahlin vart vald til president med 39 mot 12 stemmer, som gjekk til Baiba Broka frå Latvia. 

Før valet sa Bøygard at om Dahlin fekk presidentvervet, var han sjanselaus på eit visepresidentverv. 

- Norden kan ikkje få begge toppverva, sa Bøygard til Hallingdølen.

Etter presidentvalet trekte Bøygard kandidaturet sitt som 1. visepresident. Spenninga knytte seg dermed til om ålingen og den tidlegare leiaren i Norges Skiskytterforbund ville få styreplass i det internasjonale skiskyttarforbundet. 

- Eg er ikkje så opptatt av titlar, men Norge bør få ein plass i styret. Det er det me ynskjer, sa han før avreise til Kroatia, der kongressen foregår. 

I ettermiddag var resultatet klart. Bøygard får fast plass i styret og vart valt til vervet som visepresident medan Jiri Hamza frå Tsjekkia vart valt til 1. visepresident. Bøygard er valt for fire år. Dei andre medlemene i styret blir Max Cobb, USA, Dagmara Gerasimuk, Polen, Franz Steinle, Tyskland, Ivor Lehotan, Slovakia og James Carrabre, Canada.

Bøygard fekk nest flest stemmer under avstemminga - 37 stemmer. Max Cobb fekk flest - 43 stemmer. 

Dermed er Norge fortsatt representert i IBU-leiinga etter at Anders Besseberg i vår trekte seg frå presidentvervet. Besseberg trekte seg etter skuldingar om korrupsjon.

President i Norges Skiskytterforbund, Erlend Slokvik, er fornøgd med valet. 

– Totalt sett er det veldig bra. Tore kom inn med klar margin, og ein held fast ved nokre av dei som har gjort ein god jobb i styret. No må det nye styret syne handlekraft og gjennomføre det dei har lova. Det betyr modernisering og meir openheit i organisasjonen. Dessutan må ein bli meir tydeleg i antidoping-arbeidet, seier Slokvik til NRK. .