Mattilsynet trur dei har påvist to nye tilfelle av skrantesjuke i Nordfjella. Diagnosa er venta bekrefta om nokre dagar, etter vidare testing hjå Veterinærinstituttet.
Mattilsynet trur dei har påvist to nye tilfelle av skrantesjuke i Nordfjella. Diagnosa er venta bekrefta om nokre dagar, etter vidare testing hjå Veterinærinstituttet.

To nye tilfelle av skrantesjuke

Mattilsynet mistenker to nye tilfelle av skrantesjuke på villrein i Nordfjella.

Kring 150 dyr er felt så langt under årets reinsjakt i Nordfjella. No trur Mattilsynet to av desse kan vera smitta med skrantesjuke. Diagnosen er venta å bli endeleg bekrefta om nokre dagar.

Ikkje overraska

Dei to aktuelle dyra vart felt i ordinær jakt, som er eit av fleire ledd i den nasjonale aksjonen for å nedkjempe sjukdomen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er ikkje overraska over å ha funne to nye positive dyr, og det bekreftar heilt klart viktigheita av å fjerne heile flokken for å kvitte oss med sjukdomen. Me forventar å finne fleire positive dyr etter kvart som jakta fortset, og rettar ein stor takk til jegerar og andre som gjer ein enorm innsats i desse dagar, seier Kristin Ruud Alvseike, seniorrådgjevar i Mattilsynet, i ei pressemelding.

Ber folk vera merksame

Mattilsynet kontaktar no jegerane som har skote dei to dyra og hentar ut slakterestar frå fjellet for vidare testing på Veterinærinstituttet. Slakteskrottane vert også tekne hand om av Mattilsynet.

– Det er svært viktig at jegerar registrerer dyra dei feller under jakta. Jo raskare me får informasjon om felte dyr, desto raskare kan me teste og friskmelde byttet, seier Alvseike.

Kring 13.000 hjortedyr er testa for skrantesjuke sidan det fyrste tilfellet vart påvist på ei villreinsimle i Nordfjella i 2016. Mattilsynet oppfordrar alle som ferdast i skog og mark, og som ser sjuke eller daude hjortedyr, å melde frå til Mattilsynet. Symptom på skrantesjuke er avmagring, pjuskete pels, hyppig urinering og unormal oppførsel.