annonse

Til sjukehus etter arbeidsulykke

Skadd på jobb
Skadd på jobb: Arbeidstilsynet og politiet har oppretta sak, slik rutinen er ved arbeidsulykker. (Foto: Illustrasjonsfoto)

Ein mann i 30-åra fekk bygningsdelar over seg på ein byggeplass på Golsfjellet torsdag ettermiddag.

  • Bernt Ivar Bergum

Ambulanse og politi rykte ut etter meldingar om ei arbeidsulykke på Golsfjellet klokka 1340 torsdag.

Ein mann hadde fått bygningsdelar over seg på ein byggjeplass. Vedkommande fekk klemskadar og vart send til sjukehus.

Lokalt politi opplyser at han var medviten, men vil elles ikkje kommentere helsetilstanden. Arbeidstilsynet er orientert og politiet har oppretta sak, slik rutinane er når nokon skadar seg på arbeidsplassen.