Sparebank 1 Hallingdal Valdres i Gol. Politiet har sperra av inngangspartiet.
Sparebank 1 Hallingdal Valdres i Gol. Politiet har sperra av inngangspartiet.

Tekne etter innbrot

To menn er arrestert etter innbrotet i Sparebank 1 i Gol i natt.

Dei braut seg inn i banken midt i Gol sentrum. Men politiet veit førebels ikkje om dei har stole noko der.

– Me veit heller ikkje kva dei var ute etter. Dei er enno ikkje avhøyrde, seier lensmann i Gol og Hemsedal, Brit Fyksen, til Hallingdølen torsdag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Store styrkar

Alarmen i banken vart utløyst ved 02.20-tida.

Politiet rykte ut, og fleire tilsette kom også til banken. Det var sett i gang ei omfattande jakt på ein mistenkeleg bil som var sett i området. Den sette kursen mot Nore og Uvdal, og det var her jakta gjekk føre seg.

To menn prøvde å ta seg inn i Sparebank 1 Hallingdal Valdres i Gol.
To menn prøvde å ta seg inn i Sparebank 1 Hallingdal Valdres i Gol.

I tillegg til politipatruljar frå Hallingdal og Kongsberg rykte ein hundepatrulje frå Oslo ut. Den vart sett inn i leitinga saman med  politihelikopteret frå Gardermoem med varmesøkjande kamera. Jakta vart avslutta tidleg på morgonen. Då var begge tekne i Veggli.

Uvisst

Fyksen seier at politiet søkte gjennom bankbygget i natt, men at det førebels er uvisst om det er stole noko.

Kriminalteknikarar kjem til Gol i løpet av torsdag for å undersøke åstaden. Dei to mennene som er arrestert vart transportert til arresten i Hønefoss.