Yosef Andar har vore internert på Trandum i meir enn ­to ­veker.
Yosef Andar har vore internert på Trandum i meir enn ­to ­veker.

Tek saka til domstolen

I ei einecelle på Trandum sit Yosef Andar og ventar på å bli sett på flyet til Afghanistan.

Lenge budde han på asylmottaket for einslege mindreårige i Hemsedal. No har han utsikt mot flya som tek av frå rullebanen på Gardermoen. Han lever i konstant frykt for å bli sendt til Kabul. I snart tre veker har han vore internert på Trandum. Yosef er eit av dei såkalla «oktoberbarna» som har fått mellombels opphald i Norge inn til den dagen dei fyller atten år.

– For sjuk til å sitte i fengsel

Norske myndigheiter har avslått søknaden hans om opphald, og vil tvangsreturnere han. Dei fryktar at Yosef stikk av i mellomtida. Det er bakgrunnen for at han er internert på Trandum. Her lever han under eit så sterkt press at det har gått ut over den psykiske helsa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er eit fengsel. Han er for sjuk til å vere internert i eit slikt fengsel. Me kan ikkje leve med at ein 17-åring, som er aleine i verda, kan leve under slike forhold. Ei overføring til psykiatrisk avdeling er det einaste som er forsvarleg. Men utlendingspolitiet held fast ved at han kan vere på Trandum, seier Tori Snerte.

Fare for sjølvskading

Snerte står i spissen for ei støttegruppe som engasjerer seg for guten. I helga fekk dei fleire nedslåande meldingar. Fyst fekk dei vite at lagmannsretten har avvist anken over fengslinga. Det bety at Yosef vil vere sperra inne på Trandum til fengslinga går ut 24. november. Truleg vil politiet be om forlenga fengsling utover denne datoen.

Samtidig har helsetilstanden blitt forverra. I løpet av helga har guten blitt flytta over til tryggingsavdelinga på Trandum på grunn av faren for sjølvskading.

80.000 kroner til advokathjelp

Sundag arrangerte støttegruppa solidaritetskonsert i Hemsedal.

– Det gir meining å møte andre som er engasjert. Det gir nye krefter til å stå i kampen for ein menneskeleg asylpolitikk. Yosef har gitt saka eit ansikt. Me har no samla inn 80.000 kroner. Det meste vil gå til å betale advokathjelp. Det gjer me for å kunne belyse saka til Yosef så grundig at blir uråd å avslå søknaden om asyl eller å gje han opphald på humanitært grunnlag, seier ho.

Vil ha saka opp for domstolen

Måndag kom meldinga om at asylsøknaden til Yosef har fått avslag for andre gong.

– Dette var som venta. Det er heilt i tråd med regjeringa sin politikk. Men me gir oss ikkje. No startar me arbeidet med å utarbeide ei oppmoding om midlertidig forføyning, seier Snerte.

– Kva bety det?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det betyr at me set ein fot i døra slik at styresmaktene ikkje kan sende han til Afghanistan før saka er vurdert av ein domstol. Dette kjem til å koste. No kjem pengane frå innsamlinga godt med, seier Snerte. Ho seier innsamlingsaksjonen kjem til å halde fram.

– Det er rørande å sjå kor mange som vil hjelpe til. Alle bidrag hjelper, anten folk betaler 20 kroner eller 2000. Denne saka har gått som eld i tørt gras på Facebook. Innlegget om Yosef er lest av 67.000 denne helga.

Denne helsinga frå Yosef Andar vart lesen opp under konseren på Fausko.

Hei!

Først og fremst er jeg veldig takknemlig for alle som støtter meg.

Akkurat nå er jeg på Trandum deportsenter.

Jeg har store problemer, psykiske problemer. Jeg får ikke sove.

Jeg er skuffet over mye og hjertet mitt har det veldig vondt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jeg er foreldreløs og har ingen familie eller slektninger i Norge.

Så derfor må jeg si: Tusen takk til dere som hjelper meg og støtter meg i disse vanskelige dagene. Spesielt til tre snille damer som var lærerne mine: Tori, Ingunn og Gerd Line. Dere kommer jeg aldri til å glemme. Dere er det nydeligste minnet i livet mitt.

Til slutt: Tusen takk til alle snille innbyggere i Hemsedal.

Med vennlig hilsen Yosef Andar.