Måndag fekk Karsten Nordland Fossly beskjed om at reinsbukken han felte, slakta og serverte kjøt frå i 2016 var smitta med skrantesjuke.
Måndag fekk Karsten Nordland Fossly beskjed om at reinsbukken han felte, slakta og serverte kjøt frå i 2016 var smitta med skrantesjuke.

- Tatt på senga då telefonen kom

– Me er dei einaste her i landet som veit at me har ete CWD-kjøt frå Nordfjella, seier Karsten Nordland Fossly.

2. september 2016 skaut Fossly ein reinsbukk i Lærdal. Bukken vart slakta og CWD-prøver frå både hjernevev og lymfeknutar vart sendt inn til Veterinærinstituttet. Nokre dagar seinare fekk jegeren beskjed om at prøvene var negative. Såleis vart bukken med heim til Hovet, og hamna seinare på middagsbordet heime hjå familien Fossly.

LES OGSÅ: Veterinærinstituttet hadde ikkje oversikt

Artikkelen held fram under annonsen.

Skrantesjuke på menyen

Måndag denne veka vart Fossly ringt opp av Mattilsynet, som ville vite korleis han hadde behandla kjøtet frå bukken han skaut i 2016. Det har seg nemleg slik at bukken slett ikkje var fri for skrantesjuke. Hjerneprøvene vart analysert i 2016, og var rett nok negative. Men prøvene frå lymfeknutane vart ikkje vorte analysert før no. Forsking viser at skrantesjuka gjerne når lymfeknutane før den når hjernen. No er mesteparten av den skrantesjuke bukken frå 2016 eten opp.

– Eg vart litt tatt på senga då eg fekk telefonen frå Mattilsynet, for å seie det slik. Eg hugsa ikkje kva for dyr dei meinte. Eg visste heller ikkje på ståande fot om eg hadde selt det til nokon andre, eller kvar det vart av, seier Fossly.

Prøvetaking i 2016

Det var mellom andre veterinær Tor Bakken som stod for prøvetaking knytt til reinsjakta i 2016. Frå lokale oppsamlingsplassar kring Nordfjella, vart alle prøver sendt vidare til Veterinærinstituttet for analyse. Men det var fyrst eit stykke ut i reinsjakta 2016 at norske forskarar tok i bruk metodar for prøvetaking av lymfekjertlar. Hadde ikkje Tor Bakken vore forut for si tid, og tatt prøver av både hjernevev og lymfeknutar, hadde familien Fossly truleg aldri fått greie på at dei har ete kjøt med skrantesjuke.

Karsten N. Fossly sit att med mange spørsmål. Han slår fast at han og familien er dei einaste her til lands som veit dei har  ete eit reinsdyr smitta med skrantesjuke.
Karsten N. Fossly sit att med mange spørsmål. Han slår fast at han og familien er dei einaste her til lands som veit dei har ete eit reinsdyr smitta med skrantesjuke.
Denne bukken skaut Karsten Nordland Fossly i Lærdal i 2016.
Denne bukken skaut Karsten Nordland Fossly i Lærdal i 2016.

Hell i uhell

Etter å ha blitt tatt på senga av Mattilsynet og gått gjennom lista for 2016 med jaktlaget, fann Fossly nemleg ut at bukken ikkje var selt vidare.

– Viss eg hadde selt det dyret vidare til nokon, trur du dei hadde kjøpt kjøt av meg i framtida då? Nei. Hadde det vore min feil? Nei. Men kjøparen hadde likevel lagt ansvaret på meg. Me er dei einaste her i landet som veit at me har ete CWD-kjøt frå Nordfjella. Mange meiner dei har gjort det, fordi dei meiner at skrantesjuka har vore her i lang tid. Men me veit faktisk at me har ete det.

Le eller grine?

– Det var ikkje kjekt å fortelje familien at «de har ete CWD-rein». Forskarane påstår at det ikkje er farleg, og at folk i USA har ete smitta kjøt i mange år. Men eg er korkje lege eller veterinær. Det var ingen hyggeleg telefon å få. Eg visste ikkje om eg skulle le eller grine, seier Fossly.

Spist er spist

På side 29 i dagens utgåve av Hallingdølen skriv dottera, Sunniva Fossly, eit lesarbrev om det faktum at familien utan å vite om det har ete reinskjøt med skrantesjuke.

«Me kan til ein viss grad forstå at prøver kan verte stua vekk i krokar ein hadde gløymt at var der, men me likar det ikkje. Det me på ingen måte kan forstå er korleis ein meir enn eit og eit halvt år etter fall kan ringe opp ein familie kjøtetarar berre for å spørje korleis kjøtet deira vart slakta og bore ut av fjellet. Då skal ein blotte halsen, leggje seg på rygg og kanskje til og med koste på seg ei orsaking», skriv ho.