Laurdag vart to menn arresterte for bruk og oppbevaring av narkotika.
Laurdag vart to menn arresterte for bruk og oppbevaring av narkotika.

Tatt med store mengder narkotika

Laurdag vart to hallingar arresterte av politiet for bruk og oppbevaring av narkotika.

Laurdag stoppa politiet ein bil i Hemsedal sentrum, som del av ein rutinekontroll.

– Stort beslag

Politipatruljen fekk fort mistanke om både bruk og oppbevaring av narkotika. Det var to personar i bilen. Båe vart arresterte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ransaka både bilen og adressa deira. Der vart det funne meir narkotika. Me veit enno ikkje mengde, eller type stoff, men det er eit relativt stort beslag sett i Hallingdal-samanheng, seier etterforskingsleiar i politiet, Halvard H. Jervell.

Lokal tilknyting

Dei arresterte er båe menn i 30-åra, og har tilknyting til Hallingdal. Mennene har vore inne til avhøyr hjå politiet, som også vil avhøyre eventuelle andre personar som kan ha tilknyting til saka.

– Me vil også undersøkje elektroniske spor, og det stoffet me har funne for å kunne slå fast nøyaktig mengde og type stoff, seier Jervell.

– Var føraren av bilen rusa?

– Det er gjort utvida prøver av båe to, med både blod- og urinprøver for å få avdekka det. Men patruljen som stoppa dei har mistanke om det.

Fengsla i fire veker

– Det står framleis att mykje arbeid i denne saka, og mykje er førebels uavklart. Men elles er me veldig fornøgde med å har greidd å ta såpass mykje narkotika, seier Jervell. 

Dei to mennene vart framstilt for varetektsfengsling måndag. Dei vart fengsla i fire veker.

-  Me krevde varetektsfengsling på grunn av fare for bevisforspillelse, seier politiadvokat Kari-Anne Hille Valla. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Henrik Nikolai Bliksrud er forsvarar for ein av dei to mennene.

– Korleis stiller han seg til fengslinga?

– Han har tatt betenkningstid, seier Bliksrud.