Pål Golberg vart nummer fire i OL-finalen i Pyeongchang. Johannes Høsflot Klæbo tok gullet.
Pål Golberg vart nummer fire i OL-finalen i Pyeongchang. Johannes Høsflot Klæbo tok gullet.

Tårene kom for Golberg

Medaljesjansen glapp, men Pål Golberg gjekk ein solid OL-finale i Pyeongchang.

- OL er noko ekstra. Eg får mest sannsynleg ikkje denne moglegheiten igjen, sa ein kjensleprega Golberg etter fjerdeplassen på  OL-sprinten i Pyeongchang. 

Tysdag tok han seg heile vegen frå prologen via kvart- og semifinale til OL-finalen.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Der valde Pål Golberg same taktikk som i dei tidlegare heata. Han la seg bak frå start, og satsa på å avansere utover i løpet.

Det var likevel lite å gjere med førehandsfavorittane.

Johannes Høsflot Klæbo drog frå feltet og tok eit suverent OL-gull. Golberg tok opp kampen med italienske Fedrico Pellegrino og russiske Alexander Bolshunov, men klarte ikkje å hente dei på oppløpet. I staden trygga han fjerdeplassen

Mykje kjensler

I målområdet vart det mykje kjensler for 27-åringen, som har hatt OL-sprinten som eit mål i mange år. Då kom også tårene, og han måtte summe seg litt før tv-intervjuet. 

-  For å ta medalje her i dag måtte ein mestre alle delar av løypa. Eg mestra ikkje fyrste del, men gjekk fort i siste halvdel. I finalen vart strikken litt for lang. Sjølv om eg gjekk bra siste halvdel, var eg aldri i nærheiten, oppsummerte han.

-  Eg visste at det var ei bra løyper for meg. Formen var så bra som den har vore dei siste to månadane. Alt var optimalt, men det var tre stk betre enn meg.

- Du har visst at OL-sprinten her gjekk i klassisk i fire år. Er det det du kjenner på no? spurte TvNorges langrennsekspert, Vibeke Skofterud.

- Ja, det er jo umiddelbart det. Men eg var i finalen, og nokon må bli nummer fire òg, avslutta Golberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

"Lucky looser"

Golberg gjekk vidare frå semifinalen med fjerde beste tid i heatet, men gjekk til finalen som lucky looser.

På førehand såg det fyrste av dei to heata tøffast ut. Golberg valde same taktikk som i kvartfinalen, og la seg bak i feltet ut frå start. Etter kvart gjekk han seg opp, men Pellegrino og Klæbo i front vart for tøff motstand.

I I kvartfinalen i Pyeongchang møtte Golberg sterke namn som Eirik Brandsdal, Fedrico Pellegrino og Calle Halfvarson. 

Frå start låg Golberg bak i feltet. Og då dei to norske løparane låg bakers,  såg det ut som semifinalebilletten kunne ryke. Men i siste motbakken gjekk Golberg seg opp, og i utforkøyringa ned mot mål tok han fleire plassar. Pellegrino tok ein klar heatsiger, men på oppløpet parkerte Golberg resten av konkurrentane og sikra semifinalebillett. 

- Golberg kom voldsomt på slutten. Det var imponerande, for det såg ikkje lyst ut oppe i bakkane, sa kommentatorane etter kvartfinalen. 

Pål Golberg tok seg greitt vidare frå prologen, med ellevte beste tid. Han var 5, 17 sekund etter finske Ristomatti Hakola, som vann prologen. I tillegg gjekk  Eirik Brandsdal, Emil Iversen og Johannes Høsflot Klæbo vidare i herreklassen, som nummer to, 18 og 12.

 

Golberg etter uttaket:- Eg er letta og glad.