Karoline Nysveen spelar jenta Marilla som jaktar på den mystiske krona saman med bjørnane Grisk og Gumle Gyldenklo
Karoline Nysveen spelar jenta Marilla som jaktar på den mystiske krona saman med bjørnane Grisk og Gumle Gyldenklo

Supert show

Det osar av speleglede frå amfiet i Bjørneparken. Årets sommarteater er ein godbit for heile familien.

Utanfor inngangen til amfiet i Bjørneparken står to fargerike karakterar. Dei ser ut som dei rulla seg i ein skål med smågodt. Glasura og Krokan kallar dei seg. Eller Stine Førland og Sebastian Eilertsen om du vil. Dei er 8 skodespelarar og byter på å spele forskjellige roller. No helsar dei gjestene pent velkomen. 

Spent publikum

Familien Husby frå Stabekk er klare for show. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har vore her på teater før. Forrige gong var det Hakkebakkeskogen, fortel far Jo. 

Saman med kona Jannicke og døtrene Eleri (9) og Emma (4) er dei spente på kva dei skal få sjå.

Eleri speler sjølv teater og er veldig ivrig.

Steffen Lindjak Riis og Jens Jeremiassen Johnsen spelar bjørnebrørne Grisk og Gumle Gyldeklo.
Steffen Lindjak Riis og Jens Jeremiassen Johnsen spelar bjørnebrørne Grisk og Gumle Gyldeklo.
Nærkontakt med publikum
Nærkontakt med publikum
Røykmaskinen var ein effektiv stemningsskapar.
Røykmaskinen var ein effektiv stemningsskapar.
Fargerike kostymer
Fargerike kostymer
Sumpheksa er ein skummel karakter som gjer musikalen spenning.
Sumpheksa er ein skummel karakter som gjer musikalen spenning.

– Eg elskar å gå på show, seier ho entusiastisk. 

Familien er på dagstur og hadde sjekka om det var sommarteater på førehand.

Endra speletidspunkt

Sidan premieren den 8. juli har det vore varierande besøkstal for familiemusikalen med namnet Grisk og Gumle - Kronen i sukkerdalen. Administrerande direktør Kees Oscar Ekeli fortel at dei endra speletidspunkt frå kl. 22.00 til 17.00 etter at fleire gjester meinte det var for seint. 

– Me vil jo at flest mogeleg skal få sett stykket, så derfor endra me tidspunktet forklarar han. 

Høgt tempo

Musikalen startar med eit brak. Musikken strøymer ut frå høgtalarane og skodespelarane kjem inn på scena frå alle kantar. Det går i eit høgt tempo i starten og publikum lar seg rive med. Skodespelarane er dyktige og speler godt i lag. Dialogane er gode og musikken fenger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnen Gumle er historias moroklump og byr på mykje god humor som også dei eldste kan like. Den skumle Sumpheksa gir historia spenning og mystikk. Rekvisittane og kostyma er flotte og fargerike, og gir scenene den rette stemninga. Elegant skifter miljøet frå sukkersøtt til fjellandskap.

Vi får vere med i jakta på den mystiske krona og møter mange artige karakterar undervegs. Det heile varar i underkant av 90 minutt, og det er underhaldande heile vegen. 

Passe skummelt

Rundt tretti små og store har tatt turen denne ettermiddagen. Det kjennest lite i eit amfi som har over tusen sitteplassar. Men det ser ikkje ut til å plage skodespelarane som osar av speleglede. 

- Det var morosamt og spennande, og litt skummelt, seier Eleri då musikalen er over. 

Far Jo meiner det var veldig underhaldande. 

– Veldig artig å sjå ei historie me aldri har sett før, meiner han. 

– Og så var det akkurat passe skummelt for den minste, skyt mor Jannicke inn. 

Dei er glade for at speletidspunktet vart endra til 17. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss ikkje hadde me ikkje vore her no, seier Jo.

– Sjølv om det heilt sikkert er enno betre i mørket, legg han til.

Speler gratis laurdag

Hovudrolleinnehavarane og musikalforfattarane er nøgd med prosjektet til no. Sjølv om dei sjølvsagt hadde håpa på enno meir publikum. 

– Me jobbar med å etablere stykket. Og må berre halde fram med å spreie bodskapet, seier Steffen Lindjak Riis som speler bjørnen Gumle. 

– Og kanskje kan me gje born og unge nokon nye heltar, smiler Jens Jeremiassen Johnsen som speler bjørnen Grisk. 

Skodespelarane er ein samansveisa gjeng som har mykje moro i lag.

 

– Me kosar oss. Det har vore ei fin tid heilt sidan me starta med prøvespeling, fortel Karoline Nysveen som speler jenta Marilla. 

Artikkelen held fram under annonsen.

For å kunne vise seg fram for eit større publikum blir førestillinga spelt gratis for alle parkens gjester laurdag 15. juli. 

– Bjørneparken feirar besøksrekord, med 25 % fleire besøkjande enn på same tid som i fjor, seier Kees Oscar Ekeli.