Denne bilen vart stolen natt til fredag.
Denne bilen vart stolen natt til fredag.

Stal trekkvogna og forsvann

Tjuvar var på innbrotsraid i Gol natt til laurdag.

Frå Transportservice Hallingdal var det stole ei trekkvogn.

Døra til kontorbygget vart brote opp og her vart nøklane funne. Så har bilen forsvunne ut av Hallingdal, stadfestar politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verktøy og batteri

– Bilen er spora på veg ut av Hallingdal, seier seksjonsleiar for etterforsking i Hallingdal lensmannsdistrikt, Pål K. Mikkelrud.

Same natt vart det gjort innbrot i fire lastebilar hjå Turhus Maskin.

– Her er det brote opp utvendige kasser på bilane og stole verktøy og batteri, seier Mikkelrud.

Politiet etterforskar no sakene, men førebels er det få spor.

– Me har ikkje noko å gå etter så langt, seier Mikkelrud.

Samanheng?

For i overkant av ein månad sidan vart det stole ATV-ar, snøscooterar og anna utstyr frå Traktorservice AS på Gol.

Tjuvane stal ein lastebil som stod parkert på nabotomta og brukte den til å frakte vekk tjuvegodset. Den vart seinare funnen i Malmö i Sverige. Om innbrota i september og no i helga har ein samanheng, er for tidleg å seie.

– Me veit ikkje enno, seier Mikkelrud.