Det er Tom Rune Hagen (36) frå Nore og Uvdal som er sakna, etter at han la ut på fisketur for tre veker sidan.
Det er Tom Rune Hagen (36) frå Nore og Uvdal som er sakna, etter at han la ut på fisketur for tre veker sidan.

Sporlaust borte etter fest i Uvdal

Den sakna Tom Rune Hagen har vore observert etter at han reiste på fjelltur 20. juli.

– Me har avhøyrt dei han hadde kontakt med i Uvdal 30. juli, men har ingen konkrete opplysningar om kvar han kan ha reist etterpå.

Det seier seksjonsleiar for etterforsking for politiet i Hallingdal og Nore og Uvdal, Halvard Jervell.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Uvdal 30. juli

Hallingdølen er kontakta av folk i Nore og Uvdal som hevdar politiet ikkje har gått ut med oppdatert informasjon om den sakna Tom Rune Hagen (36) frå Uvdal.

Reaksjonane går på at den sakna var på ein fest i Uvdal ei veke etter at han reiste på fjelltur/fisketur for ein månad sidan.

– Det stemmer at han var tilbake i Uvdal 30. juli. Men han vart ikkje meldt formelt sakna før 8. august. Me har avhøyrt dei han hadde kontakt med då han var tilbake i Uvdal, men har ingen konkrete opplysningar om kvar han kan ha reist etterpå, seier Jervell.

Festen det er referet til var laurdag 29. juli. Den siste observasjonen av Tom Rune Hagen var sundag 30. juli, i Uvdal.

– Kan han ha vore utsett for ei kriminell handling?

– Det er ingenting som tyder på det, men me kan ikkje sjå bort frå det og held alle mogelegheiter opne.

– Etterforskar framleis

Etter 30. juli er det ingen som har høyrt eller sett livsteikn frå Hagen.

Ein storstilt leiteaksjon vart sett i gang kort tid etter at mannen vart meldt sakna. Både politiet og rundt 30 personar med hundar frå Røde Kors hjelpekorps i Nore og Uvdal og Kongsberg har deltatt i søket og leitinga. I starten var leiteaksjonen konsentrert i områda Vestfjellet og Haugåsen og seinare utvida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist torsdag avslutta politiet det operative søket.

– Me etterforskar framleis saka sjølv om det operative søket er avslutta. Den sakna er etterlyst internt i politiet i heile Norge. Me er framleis svært interessert i opplysningar og oppfordrar publikum om å melde frå dersom dei har opplysningar som kan føre til oppklaring, seier Jervell.

Politiet har oppretta ein tipstelefon som publikum kan ringe til dersom dei har opplysningar som kan føre til at den sakna mannen blir funnen. Då må dei ringe 02800 og be om å bli sett i kontakt med politiet i Søndre Buskerud.