Ein straumkabel stengde Rv7 vest for Geilo for ei stund onsdag då ein personbil køyrde ned ein stolpe.
Ein straumkabel stengde Rv7 vest for Geilo for ei stund onsdag då ein personbil køyrde ned ein stolpe.

Sovna bak rattet

Rv7 vart stengt etter eit trafikkuhell då ein straumkabel var riven ned.

Det var onsdag at ein bil køyrde av Rv7 ved Halstensgårdstølen vest for Geilo. Det var ein person i bilen, som vart sendt til legevakt for sjekk. Han er ikkje alvorleg skadd.

Føraren har forklart at han sovna ved rattet. Politiet tok derfor frå han førarkortet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rv7 vart stengt ein periode etter ulykka då ein straumkabel var riven ned. Hallingdal kraftnett måtte derfor stenge straumen og rydde opp, før vegen kunne opnast att.