Slik ser det ut når folk plasserer søppelposen på utsida av konteinaren og let fuglane rote innhaldet utover.
Slik ser det ut når folk plasserer søppelposen på utsida av konteinaren og let fuglane rote innhaldet utover.

Søppelet flyt

– Dei aller fleste klarar å kvitte seg med søppel på ein grei måte, men det viser fort att etter dei få som grisar.

Det seier driftsleiar Helge Svarstad i Hallingdal Renovasjon. Han er bedt om å kommentere ein gjengangar i avisspaltene: Folk som set frå seg søppelposen på utsida av konteinaren.

Gjengangar i avisspaltene

Denne helga skjedde det igjen. Og Hallingdølen fekk eit nytt fotobevis frå ein irritert forbipasserande i Liagardane i Herad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ikkje noko hyggeleg syn, men slikt skjer når folk set frå seg søppelsekken utanfor konteinaren og fuglane dreg søppelet utover. Eg håpar den som har gjort dette får dårleg samvit, skriv fotografen i ein e-post til Hallingdølen.

Bilmotorar skal ikkje i restavfallet

Ved påsketider i fjor tok renovasjonsselskapet i bruk ein ny konteinartype. Som ei prøveordning tok dei i bruk konteinarar med runde luker. Dette vart gjort for å hindre at folk kastar bygningsavfall, bilmotorar og andre store metallgjenstandar i konteinarane.

– Me har fått mindre av denne typen avfall som skadar forbrenningsanlegget. Derimot er søppel utanfor konteinaren blitt eit meir vanleg syn. I alle fall var det slik i starten. Etter kvart har me sett at folk tilpassar seg den nye konteinartypen. Målet var ikkje å gjere det vanskelegare for folk, seier Svarstad.

Skjerpings folkens

Evalueringa av prøveordninga resulterer i at renovasjonsselskapet aukar storleiken på lukene på dei nye konteinarane, men den nye typen konteinarar har kome for å bli.

– Me er godt fornøgde med effekten. Me har fått lite klager og det er mykje mindre skadeleg avfall enn det var tidlegare. Folk flest klarar å kaste søppelposane sine i dei nye konteinarane, men det er nokon få som tek den enkle løysinga og set posen frå seg på utsida. Returpunktet i Liagardane ovanfor Herad har vore ein versting i så måte. Det er kjedeleg når søppelet flyt ut over. Det er ingen som vil ha det slik, seier Svarstad. Det er ikkje anna å si enn at folk må skjerpe seg.