I dag kjem Sommartoget til Flå stasjon.
I dag kjem Sommartoget til Flå stasjon.

Sommartoget er her

I dag kom NRK og Sommartoget til Flå stasjon.

Toget rulla inn på stasjonen klokka 13.48, etter ein ti minutts sveip innom Gulsvik.

Lokalt program

På Flå blir gjestane møtt av både folk og dyr frå Bjørneparken. Frå klokka 20 og fram til direktesendinga av «Sommeråpent» startar 21.30, vert det grilling og aktivitetar på stasjonsområdet. Sendinga inneheld mykje lokalt stoff. Mellom anna ein direktør, ein ordførar og ein lokalpatriot. I tillegg vil ryktet ha det til at brørne Magne og Ola Akervold, som har utømmeleg kunnskap om Vassfaret, også tek turen innom. I morgon tek P1 og Reiseradioen over med direktesending frå ni til 11, før Sommartoget forlèt stasjonen og sett kurs mot Finse. På vegen dit er det lagt inn korte stopp ved både Ål og Ustaoset stasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folk vert oppfordra til å parkere ved Flå bru og gå derifrå. Det blir ikkje mogleg å parkere ved Flå stasjon.

Fokus på sikkerheit

Det er venta stor publikumstilstrøyming og mykje aktivitet på stasjonen når Sommartoget kjem til Flå. Etter å ha vore innom 19 hovudstopp og ei rekkje mindre stopp, er Bane NOR førebels godt fornøgde med korleis folk stiller seg til sikkerheitstiltaka langs togsporet og på stasjonane. Likevel vil Bane NOR minne om dei ulike tiltaka slik at besøket blir ein sikker folkefest:

– På stasjonane har me sett ut informasjonsplakatar og delt ut brosjyrar med nokre enkle togvettreglar der me ber publikum ta omsyn til annan togtrafikk utanom sommartoget. Det er strengt forbode og livsfarleg å gå i, eller krysse, togsporet, seier Ellen Rindal, Bane NORs prosjektleiar for sikkerheita rundt sommartoget.

Det er også både forbode og farleg å hengje plakatar, bannarar, flagg og liknande på straummastar eller bruer som går over togsporet.

– Det går 16.000 volt gjennom køyreleidningane, og då seier det seg sjølv at lange stenger, ballongar eller andre ting som kan kome i kontakt med straumførande leidningar utgjer ein stor risiko, seier Rindal.