annonse

Slik ser det ut på Vidda i dag

Ver varsam
Ver varsam: Det ligg snø på Rv7 over Hardangervidda onsdag. (Foto: Webkamera, Statens vegvesen)

Fleire fjellovergangar i Sør-Noreg var stengt på grunn av snø og vanskelege køyreforhold.

  • Nynorsk Pressekontor

Også på Rv7 Hardangervidda er det snøføre i dag, men vegen har ikkje vore stengt.

Gamle Strynefjellsveg, fylkesveg 258, var stengt på grunn av vanskelege køyreforhold, mens fylkesveg 243 Aurlandsfjellet var stengt på grunn av uvêr.

– Folk må rekne med å møte på snø eller stengde fjellovergangar dersom dei skal til fjells, seier statsmeteorolog Kristin Seter til NRK.

Dei neste dagane kan det falle snø ned mot 1.000 meter, men snøgrensa ser ut til å krype opp mot 1.400 meter før helga, ifølgje meteorologen.