Ei jente vart påkøyrd av ein lastebil på Esso-plassen i Nesbyen måndag morgon.
Ei jente vart påkøyrd av ein lastebil på Esso-plassen i Nesbyen måndag morgon.

Skuleelev påkøyrd av lastebil - sendt til Ullevål i luftambulanse

Ein skuleelev er alvorleg skadd etter å ha blitt påkøyrd av ein lastebil i Nesbyen.

Politet melde rundt klokka 8.30 måndag morgon om ei trafikkulykke i Rukkedalsvegen i Nesbyen.

Det er ei jente, som er elev på barneskulen, som skal ha skadd båe føtene etter å ha blitt påkøyrd av ein lastebil. Rundt klokka 9 vart jenta sendt i luftambulanse til Ullevål sjukehus. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunalsjef Hanne Brunborg i Nes kommune fortel at dei andre skuleelevane blir godt ivareteke etter ulykka.  Både helsesøster og kommuneoverlege er tilgjengelege for elevane.

- Alle som treng nokon å snakke med får høve til det, forsikrar Brunborg. Ho legg til at teknisk sektor i kommunen er i dialog med entreprenøren som arbeider der ulykka skjedde.

Ulykka skjedde på Esso-plassen i sentrum. Det er uklart kva som var årsaka til ulykka. Hallingdølens journalist på staden fortel om stor trafikk av tyngre kjøretøy i sentrum og mykje gravearbeid. Blant anna på grunn av omfattande rehabilitering av avløpsnettet i Nesbyen.

Ifølgje politiet var den påkøyrde personen vaken då nødetatane kom til staden. Politiet er i gang med å undersøkje staden der ulykka skjedde, og både ulykkesgruppa til Statens vegvesen og havarikomisjonen er varsla.

Beredskapsgruppa i Nes kommune har også vore samla måndag føremiddag, og vil følgje opp hendinga.