Vind og nedbør frå vest vil føre til lause skavlar med fersk fokksnø i lehenga.
Vind og nedbør frå vest vil føre til lause skavlar med fersk fokksnø i lehenga.

Skredfaren aukar

Sterk vind frå vest og meir nedbør i vente gjer at NVE frå torsdag vurderer skredfaren som vesentleg.

Torsdag er det venta periodevis liten storm i fjellet med vind frå vest. Det kan koma mellom 5- og 15 millimeter nedbør, vesentleg i vest. Nedbøren kjem som regn under 1000-  til 1200 meter.

Med dette vêret blir det mykje fersk fokksnø i leheng. Denne fokksnøen kan somme stader legge seg på glatt skare og kan losne som skred, ikkje minst ved skikøyring. Snøskredfaren aukar og kjem opp på faregrad 3- vesentleg, skriv nettstaden varsom.no.