– Me har for lite kunnskap om skrantesjuke, det har me sagt frå dag éin, seier CWD-koordinator Lars Nesse.
– Me har for lite kunnskap om skrantesjuke, det har me sagt frå dag éin, seier CWD-koordinator Lars Nesse.

Skrantesjuka: Vil ha 25 millionar

Forskarar frå Veterinærinstituttet og NINA ber om 25 millionar kroner til forsking på skrantesjuke.

Det kjem fram av eit notat sendt til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet i november. Notatet er eit innspel til dei to departementa om statsbudsjettet 2019.

– Det vert føreslått å opprette ei «stor satsing» for å utvikle nødvendig kunnskap for å vareta Norges internasjonale forpliktingar. Samt sikre seg kunnskap som er nødvendig for å sikre ei berekraftig og trygg forvaltning av våre hjortedyrbestandar, heiter det i brevet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Auka kunnskapsbehov

Veterinærinstituttet og NINA ber om 25 millionar kroner, fordelt på budsjetta til dei to departementa. Forskarane foreslår å etablere ein tverrfagleg «kunnskapsplattform» i regi av Norges forskingsråd. Mellom anna vil dei forske meir på kvar sjukdomen kjem ifrå, og korleis sjukdomen spreier seg. I tillegg vil dei halde fram med arbeidet med utvikling av prøvemetodar. Forskinga skal også svare på utfordringar knytt til forvaltning lokalt og regionalt.

– Eit auka kunnskapsbehov om CWD og sjukdomens oppførsel i Norge er påkravd for å kunne handtere sjukdomen hjå norske hjortedyr og i vårt miljø. Denne manglande kunnskapen vert også utheva i rapportane frå Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM).

Må ha dyr å forske på

CWD-koordinator Lars Nesse meiner det er på høg tid at norske forskingsmiljø går saman om å betre kunnskapen om skrantesjuke.

Statlege fellingslag jobbar no med å skyte ut heile villreinstammen i Nordfjella. Per 5. desember har dei skote 315 av kring 1500 dyr.
Statlege fellingslag jobbar no med å skyte ut heile villreinstammen i Nordfjella. Per 5. desember har dei skote 315 av kring 1500 dyr.

– Me har etterlyst dette lenge. Forskarane må koplast meir på, og dei må samarbeide om CWD-forsking. Men for å kunne trappe opp forskinga er det viktig å ha dyr å forske på. Per i dag er det i Nordfjella me har sjuke dyr som kan forskast på. Men då kan me ikkje skyte ut alt. Har du vondt i ei tå, så hoggar du ho ikkje av utan å sjekke kvifor du har vondt, seier Nesse.