Det tok til å brenne i skogen ved Rødberg måndag.
Det tok til å brenne i skogen ved Rødberg måndag.

Skogbrannar i Nore og Uvdal

Måndag kveld braut det ut skogbrannar både på Rødberg og i Uvdal. Det har vore fleire skogbrannar på austlandet den siste tida.

Måndag kveld rykte brannvenesenet i Nore og Uvdal ut på melding om skogbrann ved Smådøla. Like etterpå måtte også brannmannskap frå Rødberg i sving på ein ny skogbrann, ved Myrabakken.

Frå før hadde brannvesenet på Kongsberg sin fulle hyre med å sløkke ein skogbrann på Skollenborg. Der var også faren stor for spreiing til bygningar. Tre helikopter var i sving for å få kontroll. Det fekk dei først etter midnatt. Først i 6-tida vart det meld om at brannen er sløkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje meld om skogbrannar i Hallingdal, men i lys av siste tids brannar på austlandet er det grunn til oppmode om å vere på vakt. I 18-tida måndag var brannvesenet ute for å sjekke ein mogeleg skogbrann ved Skagahøgdi i Gol.

Håkon Mjelstad ved Meteorologisk institutt seier til NRK at det er svært stor skogbrannfare på Aust- og Sørlandet. Det er ekstremt tørt i det meste av Sør-Norge, og månadsvarselet til Meteorologisk institutt gir heller ikkje håp om regn av betydning i juli, heiter det.