Det vart meldt om skogbrann ved Smådøl torsdag ettermiddag.
Det vart meldt om skogbrann ved Smådøl torsdag ettermiddag.

Skogbrann ved Smådøla

Brannmannskap har kontroll på ein skogbrann ovanfor Rødberg.

I 1430-tida fekk 110-sentralen melding om røykutvikling i skogen mot Smådøla, ovanfor Rødberg i Nore og Uvdal. Vaktleiar på 110-sentralen opplyser at det brenn i det same område som det var skogbrann måndag.

– Det brenn i skogen mellom Smådøla og Myrabakken, i same område som det brann måndag. Det er ingen bygningar i området. Brannvesenet er på staden og har starta med sløkking. Det er ikkje noko stort område det brenn i, men det er ein del rotvelte som gjer sløkkearbeidet vanskeleg. Men mannskapa melder at dei har kontroll. Det er ikkje fare for at brannen skal spreie seg, seier vaktleiar Bjørn Henriksen på 110-sentralen. Det er bedt om bistand frå Sivilforsvaret.