Arne Pålgardhaugen (t.v.) og SkiGeilo skal samarbeide med Steinar Juvet og Geilo Turbusser om drifta av dei tre skibussane som skal gå mellom alpinanlegga i bygda. Torsdag var det prøvetur på ruta mellom Vestlia og Geiloheisen.

Skiheiseigar Arne Pålgardhaugen: – Dette er berre starten

SkiGeilo held fram oppgraderinga av bygdas alpinanlegg. Til helga blir tre skibussar sett i trafikk.

Torsdag vart dei tre bussane, omtrent direkte frå Mercedes-fabrikken i Ulm i Tyskland, prøvekøyrt på ruta mellom skisenteret i Vestlia og Geiloheisen på andre sida av sentrum.

Bussane skal knytte bakkane i bygda tettare samen og blir i praksis ein del av heisanlegget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Geilo er eit stort skianlegg. Men det har vore vanskeleg å få det til å fungere som eit anlegg. No blir det ei betre skioppleving, og gjesten skal kunne gå rett på bussen ein stad og gå rett ut i bakken ein annan, seier Arne Pålgardhaugen.

– Me skal løfte oss

I mars kjøpte han Geilo Skisenter AS saman med Ivar Tollefsen.

Det nye selskapet, som frå september fekk marknadsnamnet SkiGeilo, har areal og skiheisar på Kikut, i Vestlia, Havsdalen og Geilohovda. Eigarskiftet skapte optimisme og fornya tru på Geilo som alpinstad. Pålgardhaugen lova ingen heisrevolusjon då oppkjøpet var klart i mars, men han lova følgande:

Arne Pålgardhaugen (t.v.) og SkiGeilo skal samarbeide med Steinar Juvet og Geilo Turbusser om drifta av dei tre skibussane som skal gå mellom alpinanlegga i bygda. Torsdag var det prøvetur på ruta mellom Vestlia og Geiloheisen.
Arne Pålgardhaugen (t.v.) og SkiGeilo skal samarbeide med Steinar Juvet og Geilo Turbusser om drifta av dei tre skibussane som skal gå mellom alpinanlegga i bygda. Torsdag var det prøvetur på ruta mellom Vestlia og Geiloheisen.
Dei tre bussane skal gå i rute mellom alpinanlegga i Vestlia og Geiloheisen. Turen frå Vestlia til andre sida av sentrum tek om lag ti minutt.
Dei tre bussane skal gå i rute mellom alpinanlegga i Vestlia og Geiloheisen. Turen frå Vestlia til andre sida av sentrum tek om lag ti minutt.

– Til neste år skal det vere ein skilnad på produktet. Me skal planlegge investeringane nøye.

Oppgraderinga som no skjer, er ein del av den varsla planen. I løpet av sommaren av heisane fått ei ansiktsløfting, skikortsamarbeid med Hallingskarvet Skisenter er på plass, det same er eit nytt heiskortsystem. Taubanekroa er også gjennom ei omfattande oppussing. Og kommande helg blir tre skibussar ein del av gatebiletet på Geilo.

– Dette er eit signal om at me skal løfte oss og bli betre. Me følger opp det me har sagt me skal gjere. Dette er berre starten, seier Pålgardhaugen.

Miljø

Pålgardhaugen og SkiGeilo har stor tru på at skibussane skal gi alpintilbodet eit skikkeleg løft.

På prøveturen torsdag tok det i underkant av ti minutt frå Vestlia til Geiloheisen. I sesongen skal bussane gå i skytteltrafikk på denne ruta der heiskortet er billetten. I bussane er det infoskjermar med oppdaterte vêr- og føremeldingar og wifi. Pålgardhaugen peikar også på bussane som ein del av eit betre kollektivtilbod. For Geilo har utfordringar med trafikken i høgtider og store utfartshelger. Geilo er også nasjonalparklandsby med eit uttala mål om eit betre miljø og berekraftig utvikling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me møter dette ved å etablere eit kollektivtilbod, seier Pålgardhaugen.

Lokalt samarbeid

I det nye busstilbodet er Steinar Juvet og Geilo Turbusser heilt sentrale.

– Dette er eit lokalt næringssamarbeid. Me hadde ikkje fått dette til utan dei, seier Pålgardhaugen.

For det er Geilo Turbusser som har kjøpt bussane og skal drifte rutene for SkiGeilo. Juvet seier det er artig å få dette oppdraget.

– Me prata om dette i fjor vinter. Når me no får spørsmål om dette, seier me ja. Det er viktig at me er positive, seier Juvet.

Han har hatt ansvaret for å valet av buss og design, og saman med Pålgardhaugen og fleire andre smilte Juvet frå øyre til øyre under prøveturen torsdag.

– Dette er noko meir enn ein skyssbuss i by’n.