Dagleg leiar i SkiGeilo og Geilo Holding, Andreas Smith-Erichsen (t.h.), og dagleg leiar på Vestlia Resort og Geilogruppen, Roger Espeli, trur på fleire alpingjester til Geilo med eit nytt bookingsystem.
Dagleg leiar i SkiGeilo og Geilo Holding, Andreas Smith-Erichsen (t.h.), og dagleg leiar på Vestlia Resort og Geilogruppen, Roger Espeli, trur på fleire alpingjester til Geilo med eit nytt bookingsystem.

SkiGeilo og Geilogruppen saman om booking – eit stort framskritt

Dei to sentrale reiselivsaktørane på Geilo samarbeider betre enn nokon gong.

No lanserer SkiGeilo og Geilogruppen eit felles bookingsystem som på sikt kan omfatte overnattingsbedrifter i heile bygda.

Bookingsystemet er klart frå 1. juli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag signerte dagleg leiar i SkiGeilo og Geilo Holding, Andreas Smith-Erichsen, og dagleg leiar på Vestlia Resort og Geilogruppen, Roger Espeli, avtalen.

– Dette er heilt nødvendig å få til, og eit stort steg framover, seier dei.

Samarbeid

Samarbeidet har vorte drøfta og planlagt eit halvt år.

Onsdag signerte dagleg leiar i SkiGeilo og Geilo Holding, Andreas Smith-Erichsen (t.v.), og dagleg leiar på Vestlia Resort og Geilogruppen, Roger Espeli, avtala om felles bookingtenester.
Onsdag signerte dagleg leiar i SkiGeilo og Geilo Holding, Andreas Smith-Erichsen (t.v.), og dagleg leiar på Vestlia Resort og Geilogruppen, Roger Espeli, avtala om felles bookingtenester.

Bakgrunnen er at skisenteret hadde programvare og lisens for bookingtenester. Men som Smith-Erichsen seier:

– Ein må ha senger for å drive booking. Det har ikkje me. Då må me gå til dei som har det.

Og senger har Geilogruppen. Under same paraply har Vestlia Resort, Bardøla høyfjellshotell og Highland Lodge kring 1500 senger. Samarbeidsavtalen som no er underskriven inneber at Geilogruppen overtek bookinglisensen skisenteret hadde.

– Lisensen har ikkje me bruk for, seier Smith-Erichsen.

Fleire alpingjester

Espeli og Smith-Erichsen ser store fordelar med den nye portalen. Essensen i det heile er å gjere tilboda til både hotell og skisenter tilgjengeleg ein stad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No kan gjestene sitte i London og bestille hotell, heiskort og skiskule. Då ligg alt klart når dei kjem, dei slepp billettkøar og då er dei kanskje meir klare for å kjøpe tilleggsprodukt, seier Smith-Erichsen.

– Denne utviklinga er også ønskt av internasjonale operatørar. Og for oss blir dette modernisering av drifta, seier Espeli, og trur på fleire alpingjester.

– Me vil ha fleire alpine gjester. No er det mogleg. Me forsterkar kvarandre.

– Dette er som ein spiral. Fleire folk inn, er pengar tent som gjer det mogleg å investere meir, noko som igjen vil auke attraksjonskrafta vår, seier Smith-Erichsen.

Transferbuss

Men sjølv om det er SkiGeilo og Geilogruppen som har inngått samarbeidet, betyr ikkje det at resten av overnattingsbedriftene blir stengde ute.

– Me ønskjer at andre også vil legge kapasiteten sin i bookingsystemet. Me inviterer alle inn og håpar at dei heng seg på, seier Smith-Erichsen.

Felles bookingsystem er ikkje den einaste nye dei presenterer denne sommaren. No er det også klart at SkiGeilo og Geilogruppen saman med Visit Geilo og Geilo Turbusser startar opp med transferbuss til og frå Gardermoen fredag, laurdag og sundag i vintersesongen. Første avgang er i desember.

Espeli og Smith-Erichsen vurderer dette som svært viktig, og dei synest det er ekstra artig å ha med eit lokalt firma på dette laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilbodet er for alle på Geilo og alle våre partnarar, seier Espeli.