Lokal villreinforvaltning har tidlegare stilt spørsmål ved om Mattilsynet, som eit utøvande organ, åleine kan ettersjå god dyrevelferd i saneringsarbeidet.
Lokal villreinforvaltning har tidlegare stilt spørsmål ved om Mattilsynet, som eit utøvande organ, åleine kan ettersjå god dyrevelferd i saneringsarbeidet.

Skeptiske til inndriving i kve

Det varierer kor sky norsk villrein og tamrein er. Nordfjella-reinen er blant dei skyaste i landet.

Ein reknar med at fluktavstanden, altså avstand til menneske før dyra trekkjer seg unna, er kring 1–3 kilometer. Denne avstanden kan kortast ned ved å nærme seg reinen over tid. Slik kan ein venne dyra til motordur frå til dømes helikopter og snøskuter, samt auka menneskeleg aktivitet, før ein gjer forsøk på inndriving.

Dyreplageri

Undervegs i arbeidet med delrapporten for inndriving, var arbeidsgruppa i kontakt med fleire personar med erfaring frå tamreindrift og/eller forsøk på inndriving av villrein. Meiningane deira varierer. Somme meiner ein må jobbe med flokken i minst 2–3 veker før ein startar sjølve inndrivinga. Andre meiner ein må jobbe med flokken minst dobbelt så lenge. Eller at det ikkje er mogleg å temme villrein i løpet av veker eller månader, og at ein heller må starte med kalv. Andre peikar på at det vil vera dyreplageri å drive villrein inn i kve, fordi dyra vil få panikk og springe inn i kvarandre eller i gjerdingane. Paradokset er at ein svært sjeldan kan rekne med minst 14 dagars samanhengande godt vêr i Nordfjella.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nordfjella-reinen er svært sky. Villrein trekkjer instinktivt opp i høgda når den blir skremt, samlar seg i større flokkar og sluttar å bruke område med mykje menneskeleg aktivitet. Det vil vera ein stor belastning for Nordfjella-reinen å gjera forsøk på inndriving i gjerdeanlegg, meiner ei av kjeldene til arbeidsgruppa.

Treng tid

Storleiken på flokken som skal drivast inn vert understreka som særs viktig. Skremt villrein søkjer naturleg saman, og det er difor uvisst i kva grad ein kan klare å skilje ein storflokk inn i fleire mindre flokkar på kring 100–200 dyr. Gruppa konkluderer med at det truleg er stor risiko for masseskadar, samt alvorlege stressreaksjonar og utmattelse på villrein i inndrivingsgjerdet. «Risiko for dårleg dyrevelferd ved inndriving i gjerde må vegast opp mot dyrehelsehensynet», heiter det i rapporten.

Kven har tilsyn med dyrevelferd?

Lokal villreinforvaltning har tidlegare stilt spørsmål ved om Mattilsynet, som eit utøvande organ, åleine kan ettersjå god dyrevelferd i saneringsarbeidet.

«Villreinforvaltninga i Nordfjella meiner det er rett at Veterinærinstituttet under heile og alle prosessar, med temming av flokkar samt jaging og avliving i hegn, er fysisk til stades for å ettersjå at omsyn til dyrevelferd vert handheva.», står det i delrapporten. I den endelege saneringsrapporten er likevel Mattilsynet, eine og åleine, utpeikt som ansvarleg for god dyrevelferd.

Kor mange timar har eit døgn?

Reinsjakta i Nordfjella startar i dag, torsdag, og varar fram til 31. oktober. Deretter skal statlege fellingslag ta over, før resten av dyra skal drivast inn og slaktast i kve.

Gjerdeanlegget som skal nyttast til inndrivinga, er planlagd sett opp i Kjøledalen på Lærdalssida av Hemsedalsfjellet. Rapporten frå arbeidsgruppa peikar på at korkje anna form for uttak eller temming av villrein kan pågå samstundes med ordinær jakt, fordi dette vil gjera jaktuttaket vanskelegare. Samstundes bør inndrivinga skje på snøføre etter ordinær jakt, men ikkje seinare enn 1. april for simleflokkane grunna kalving. Stolpar til gjerdeanlegget må settast ned før frosten kjem, resten kan settast opp på snø før inndriving. Før inndriving bør ein jobbe med villreinen for å sørgje for at dyra er meir vante med både motorferdsel og menneske.

«Det vil vera svært krevjande i forhold til tid å få eit gjerdeanlegg på plass før vinteren sett inn i 2017. Dette skuldast søknadsprosessar, anbodsrundar, forhandlingar med grunneigarar og andre impliserte, og avtaleinngåelsar som vil ta tid», konkluderer arbeidsgruppa for inndriving i sin rapport.

Likevel har miljøstyresmaktene bestemt at villreinen i Nordfjella sone 1 skal fjernast innan 1. mai 2018.