Rykte ut til Rv7 ved Ørgenvika onsdag føremiddag.
Rykte ut til Rv7 ved Ørgenvika onsdag føremiddag.

Skadd i trafikkulykke på Rv7

Politiet i Sør-Aust melder på Twitter onsdag føremiddag om ei ulykke på Rv7 ved Nøbbe, rundt fem kilometer nord frå Ørgenvika .

Ein person vart køyrt til sjukehus etter ulykka. Vedkommande hadde smerter i ryggen. 

Ulykka skjedde då ein bil skulle svinge inn på ein parkeringsplass. Bilen kryssa motgåande køyrefelt og såg ikkje bilen som imot på Rv7. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Det sat to personar i kvar bil, men det er berre ein som er skadd. Politiet måtte dirigere trafikken forbi ulykkesstaden. 

Føraren som kryssa motgåande køyrefelt vart fråteken førarkortet.