Håvard Bøkko vart nummer fire i EM allround i Italia.
Håvard Bøkko vart nummer fire i EM allround i Italia.

Sjuandeplass til Bøkko

Håvard Bøkko var beste halling under andre dag av helgas verdscup i Polen.

Under laurdagens 1500 meter i A-gruppa gjekk Håvard Bøkko ut i sjuande par mot den russiske verdsrekordhaldaren Denis Yuskov. Båe opna sterkt. Men då den russiske storfavoritten sette inn støtet, hadde Bøkko lite å stille opp med. Yuskov gjekk inn på tida 1:46.78. Bøkko kryssa målstreken eit sekund og 66 hundredelar seinare, og enda til slutt på sjuandeplass.  

Ingen norsk pallplass

Heile fem norske løparar stilte til start på 1500 meter, men ingen av dei enda på pallen. Allan Dahl Johansson vart beste nordmann då han gjekk inn til fjerdeplass med tida 1:48.09. Japanske Seitaro Ichinohe tok andreplassen eit snautt sekund bak Yuskov. Koreanske Kim Min Seok tok tredjeplassen med tida 1:47.85.

Artikkelen held fram under annonsen.

12.-plass til Fagerli Rukke

Med 12.-plass på 500 meter i A-gruppa vart Henrik Fagerli Rukke nest beste halling under andre dag av verdscuphelga. Han gjekk inn på tida 35.39, drygt sju tidelar bak russiske Pavel Kulizhnikov på fyrsteplass. Kulizhnikov gjekk i mål på tida 34.67. Tatsuya Shinhama tok andreplassen, føre Yuma Murakami på tredjeplass.

Hege Bøkko gjekk sin andre 500-meter laurdag ettermiddag. Ho enda på 17.-plass med tida 39.04. Austerrikske Vanessa Herzog tok helgas andre siger på distansen med tida 37.94. Berre 15 hundredelar bak kom Olga Fatkulina på andreplass, etterfølgd av Brittany Bowe på tredjeplass.