Arne Bjelland og nevøen Isak Bjelland Vormeland (11) har familiehytte på Verpestølan og tek ofte turen inn til Tuva Turisthytte.
Arne Bjelland og nevøen Isak Bjelland Vormeland (11) har familiehytte på Verpestølan og tek ofte turen inn til Tuva Turisthytte.

Sjekk den skiløypa!

Det er mindre snø enn normalt, men fortvil ikkje. Nokre stader finn du gnistrande skiløyper.

Tidlegare denne veka var Hallingdølen på reportasjetur til Tuva Turisthytte. Ved Ustaoset stakk små buskar og kratt opp av skisporet, Ustevatn var omtrent snøfritt. Overraskinga var derfor stor då me kom opp på platået ovanfor Verpestølan. Flotte skiløyper med Hallingskarvet som ein majestetisk kulisse i horisonten.

– Folk veit ikkje kor mykje snø det faktisk er her, seier Jan Holden. Han køyrer trakkemaskin for Ustaoset Vel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel om litt mindre snø nærare Geilo, men at det frå Ustetind er gode forhold.

– Me vil også køyre opp løypa til Lægreid no. Eigentleg køyrer me ho berre til påske, men ser at det er eit behov denne vinterferien, fortel han.

Som Hallingdølen skreiv sist helg er det no næ­rare 1400 ki­lo­me­ter med preparerte lang­renns­løy­per i Hal­ling­dal og Nore og Uvdal.

Perfekte forhold mellom Tuva Turisthytte og Verpestølan på Ustaoset.
Perfekte forhold mellom Tuva Turisthytte og Verpestølan på Ustaoset.

På vinterferie

To som nyt gode vinterferiedagar i fjellet er Arne Bjelland og nevøen Isak Bjelland Vormeland (11). Dei har familiehytte på Verpestølan.

– Turen inn til Tuva for å ete vaffel er ein klassikar, smiler Arne.

– Det er litt kjedeleg å gå på ski, meiner Isak.

Sjølv om du får vaffel og solo?

– Ja, det er langt uansett, seier han med eit lurt smil før dei susar av garde i løypene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Roleg for Geilo Røde Kors

Morten Woll, administrativ leiar i Geilo Røde Kors, melder om ein stille vinterferie så langt.

– Det er mykje folk i fjellet, men det har ikkje vore nokon store hendingar. Me har berre hatt eit oppdrag for ambulansetenesta og ingen oppdrag for politiet, fortel han.