Gerd Liahagen (77) vart alvorleg skadd i kollisjon på Rv7 ved Satakroken i Ål, og døydde seinare av skadene.
Gerd Liahagen (77) vart alvorleg skadd i kollisjon på Rv7 ved Satakroken i Ål, og døydde seinare av skadene.

Sjåføren mista livet

Kollisjonen mellom to personbilar på Rv7 i Ål kosta Gerd Liahagen (77) frå Torpo livet. Onsdag døydde ho som følge av skadene ho fekk.

Torsdag 21. juni kolliderte to personbilar på Rv7 ved Satakroken i Ål.

Etter nær ei veke på Ullevål sjukehus var det onsdag klart at livet til den kritisk skadde sjåføren av den eine bilen ikkje stod til å redde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag opplyste politiet at Gerd Liahagen (77) frå Torpo mista livet.

Det var ein frontkollisjon, der ein mann i 60-åra køyrde austover. Den andre bilen var på veg vestover då bilane frontkolliderte i ein sving. Mens mannen berre vart lettare skadd, var det tidleg klart at kvinna i bil nummer to var kritisk skadd.

Ulykka skjedde i 11-tida etter at ein av dei to bilane kom over i motsett køyrefelt. Utover dette er politiet sparsame med detaljar om kva som skjedde.

– Me ventar på rapport frå Statens vegvesen, som har vore på ulykkesstaden, seier Brit Fyksen, regionlensmann i Hallingdal.

Ho legg til at politiet har etterforska dette som ei alvorleg ulykke frå første stund, og vil ikkje kommentere saka ytterlegare før ho har rapportane i hende. På grunn av ferietid kan det dra ut i tid.

Ulykka er den tredje alvorlege trafikkulykka på riksvegane i Hallingdal på kort tid.

7. juni døydde ei kvinne i ein frontkollisjon med eit vogntog på Rv52 sør for Ulsåk i Hemsedal. 13. juni kolliderte to bilar nær Ustaoset, der ein mann også vart kritisk skadd.

Dette skjer etter at det over tid har vore få ulykker på vegane. Perioden juni-september har generelt høgare trafikk enn andre månader, viser målingar frå Statens vegvesen. Det aukar sjølvsagt også faren for ulykker.