Thomas Mørch er ein erfaren naturfotograf. Men ein tiur som den han møtte på sundag, har han aldri sett før.
Thomas Mørch er ein erfaren naturfotograf. Men ein tiur som den han møtte på sundag, har han aldri sett før.

Sjå kva som gøymde seg under snøen

– Me har aldri opplevd noko liknande, seier turkameratane i Nes.

Thomas Mørch og kameraten Daniel Gundersen møtte på ein godt skjult tiur i skogen sundag. Dei to var på tur i Nes nordmark då dei la merke til ferske tiurspor.

– Samstundes hadde den berre gått ein meter, ikkje fram og tilbake. Og det snøa jo dagen før, så eg lurte på kor den hadde gått, seier Mørch.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men i eit hol i snøen såg han noko svart. Kunne det vere tiuren som låg skjult i snøen?

– Då bad eg Daniel starte å filme, seier Mørch.

Han nærma seg roleg holet og stakk handa ned i snøen. Plutseleg flaug tiuren opp av snøen og nedover i skogen. Både Mørch og Gundersen var mildt sagt overraska. Mørch er ein erfaren naturfotograf, men ein tiur som dette har han aldri sett før.

– Eg har gått mykje i skogen og aldri opplevd noko liknande, seier Mørch.