Faneberar Eik Jervell er gjer dei siste førebuingane før barnetoget grå frå Elverhøy til Nes kyrkje. Til venstre fanevakt Mira Asplin.
Faneberar Eik Jervell er gjer dei siste førebuingane før barnetoget grå frå Elverhøy til Nes kyrkje. Til venstre fanevakt Mira Asplin.

Siste tur bak eiga fane

For alle siste gong gjekk elevane i Rukkedalen bak si eiga fane i barnetoget i Nesbyen.

Bak flaggborga og Nesbyen Skolekorps gjekk dei 22 elevane og lærarane på Rukkedalen friskule.

Dei hadde øvd på førehand. Sunge songar og førebudd seg på vanleg måte, men det var ikkje til å kome ifrå at det vart ein spesiell nasjonaldag for dei. For det vart eit barnetog som elevane og lærarane alltid vil hugse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vemodig, seier rektor Oddrun Brusletten.

Kjensler

Dei gjorde som dei pleier. Elevane møttest om morgonen på Elverhøy helsetun der barnetoget startar.

I dagane før hadde dei trent på å gå i tog. Dei skulle gjere skikkeleg. Men det var med spesielle kjensler dei la i veg bak skulekorpset. Og det var nok fleire som hadde problem med å halde tårene tilbake då barnetoget etter ein lang marsj frå Elverhøy og gjennom Lakkergata tok fatt på den aller siste etappen mot Nes kyrkje som tok i mot med mektig klokkeklang. På førehand sa rektor Brusletten: – Det blir rart.

Slik ser ho ut, fana til Rukkedalen skole. Det var ein merkeleg dag for rektor Oddrun Brusletten.
Slik ser ho ut, fana til Rukkedalen skole. Det var ein merkeleg dag for rektor Oddrun Brusletten.
1961–2017. Fana til Rukkedalen skule og seinare friskule var med i barnetoget for siste gong.
1961–2017. Fana til Rukkedalen skule og seinare friskule var med i barnetoget for siste gong.

Blir historie

Om ein månad er skulen i Rukkedalen historie. Den blir lagt ned. Elevane blir overført til Nes barneskole.

Skulen har ei lang historie i Rukkedalen. I alle år elevane hatt sine oppgåver på nasjonaldagen. Anna kvart år har dei delteke under seremonien på dei engelske gravene og halde barnas tale på skuleplassen.

I 1961 gjekk skulen for første gong under eiga fane. Den var måla av kunstnaren Halvor Lindahl, og vart til ved innsamlingsaksjonar og stor innsats i kretsen. Det var ei stor hending den gongen då Rukkedalen skule gjekk bak si eiga fane for aller første gong.

– Fana er kunst, og den må takast vare på. Men me veit enno ikkje korleis, seier Brusletten.

Fekk applaus

Fana vart som alltid bore med stoltheit i barnetoget. Folk applauderte og gav skulen ei varm anerkjenning då elevane passerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om det var siste gongen, var det ikkje det siste barnetoget for elevane.

– Dei går berre over på eit nytt tog, seier Oddrun Brusletten.

Men det var ein spesiell dag.