Tre krokodiller er klekt i Bjørneparken i Flå. Dei nyfødde er under 15 cm lange og veg rundt 40 gram kvar. Framleis ventar dei på seks egg til.
Tre krokodiller er klekt i Bjørneparken i Flå. Dei nyfødde er under 15 cm lange og veg rundt 40 gram kvar. Framleis ventar dei på seks egg til.

Sensasjon i dyreparken: – Dette har me berre drøymt om

Ein sensasjon blir det sagt om dei tre babykrokodillene som vart klekt i Bjørneparken i Flå sist veke.

Det er klekt tre krokodillebabyar i Bjørneparken i Flå. I tillegg ventar dyrepassarane spente på seks egg dei veit det rører seg liv inni.

– Dette er veldig stort for oss. Dyrepassaren Viktor Vest opplever nesten at han har fått barn sjølv, fortel dagleg leiar ved Bjørneparken i Flå, Kees Oscar Ekeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

For det er ikkje berre-berre å få dette til. Faktisk har det berre gått ein gong før, i akvariet i Bergen i 2010.

– For det fyrste må både hoa og hannen vere av same art. Deretter er dei svært kresne på området og må ha gode habitat for at dette skal skje. For oss er det difor det ultimate som kunne skje, seier Ekeli.

Krokodillene er av sorten «bredsnutet kaimankrokodille». Førebels er dei mindre enn 15 cm lange og veg 40 gram kvar, men som vaksne kan dei vege rundt åtte kg og bli eit par meter lange. Dei er alt ute på utstilling for publikum som besøkjer parken. 

For reptilansvarleg Victor Vest og dagleg leiar Kees Oscar Ekeli (t.v.) er krokodilleklekkinga noko av det største ein kan oppleve i ein park. – Krokodillene må trivast veldig godt for at dette skal skje, det er utruleg moro.

– Dei likar seg så langt veldig godt. Dei kan bite, men det gjer ikkje noko vondt. Så langt et krokodillebabyane berre insekt, fortel Ekeli.