Biskop i Tunsberg, Per Arne Dahl, har varsla at han går av som biskop sommaren 2018.
Biskop i Tunsberg, Per Arne Dahl, har varsla at han går av som biskop sommaren 2018.

Sender bispestaven vidare

Til sommaren går biskopen av med pensjon.

Per Arne Dahl vart ordinert til presteteneste av biskop Per Lønning i 1975. Etter 43 år i kyrkjas teneste, dei siste fire som biskop i Tunsberg bispedømme, har han bestemt seg for å setje strek og sende stafettpinnen vidare.

– Eg er svært takksam for åra i Tunsberg. Det har vore ei rik og ytterst meiningsfull tid, skriv Tunsberg-biskopen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Visjonær og samlande

Kjellfred Dekko frå Ål har vore leiar i bispedømmerådet gjennom nesten heile bispeperioden til Per Arne Dahl. Frå i haust har han hatt rolla som nestleiar.

– Kva kjem til å stå att etter bispegjerninga til Per Arne Dahl?

– Han har bore med seg den gode forkynnarevna inn i bispegjerninga. Han har vore visjonær og hatt ei evna til å samle folk frå alle lag i folket, seier Dekko.

Ein varsla avgang

Bispedømmerådet vart varsla om at Dahl går av denne helga. For Dekko kom ikkje dette som ei overrasking.

– Me har hatt fleire samtalar om dette. Det kom ikkje brått på, seier han. Han seier Dahl kjem til å stå i stillinga fram til slutten av juni. Då tek truleg domprosten i Tunsberg, Kjetil Haga, over som fungerande biskop, fram til ein ny biskop kjem på plass.

– Det er realistisk at det skjer i løpet av seinhausten, seier Dekko.

Ytre og indre kall

I Kyrkjelova blir det sett berre eitt vilkår til kven som kan tre inn i rolla som biskop: Ein biskop må vere ordinert som prest i Den Norske Kyrkja. Her er det med andre ord mange som fyller kriteriet.

– Blir jobben lyst ut?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, dette er ein av få kyrkjelege stillingar som ikkje blir lyst ut. Bispedømmerådet skal setje seg ned og ha ein grundig runde på kva kvalifikasjonar me ønskjer hjå ein ny biskop i Tunsberg. Deretter skal rådet plukke kandidatar som me meiner har dei rette eigenskapane. Det er eit omfattande arbeid å tilsette ny biskop. I kyrkja snakkar me om «ytre og indre kall». Bisperolla er eit «ytre kall» som helst bør korrespondere med eit «indre kall», seier Dekko.

Friare rolle

Per Arne Dahl tok over som biskop i Tunsberg bispedømme i 2014 etter forgjengaren, Laila Riksaasen Dahl. Før han vart biskop, var Dahl stortingsprest og prest i Oslo Domkirke. Mange kjenner han også frå andaktar i radio og gudstenester i TV, som spaltist i Aftenposten og som forfattar av ei lang rekkje bøker. Dahl har også vore leiar av Institutt for Sjelesorg og Samlivssenteret på Modum Bad.

Dahl er født 18. august 1950 i Sarpsborg. Til sommaren fyller han 68 år.

– Eg håpar å kunne halde fram med å forkynne, formidle og rettleie, men frå hausten i ei friare og meir tidsavgrensa ramme. Dessutan ønskjer eg å prioritere tid og samvær med familien, skriv Dahl i pressemeldinga.