Knut Arild Hareide og KrF har blitt samd med regjeringspartia. (Arkivfoto)
Knut Arild Hareide og KrF har blitt samd med regjeringspartia. (Arkivfoto)

Semje om regionreforma

Regjeringspartia og KrF er samde om å tvinge gjennom regionreforma.

Formelt blir saka først avgjort seinare i haust, men måndag vart det klart at KrF kjem til å støtte regionreforma og sikre at regjeringa får fleirtal for at reforma blir gjennomført. 

Dette inneber at Troms og Finnmark blir slått saman, men også at Viken-regionen blir ein realitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

KrF var jokeren

Etter at Stortinget må ta stilling til den vidare framdrifta av samanslåinga mellom Finnmark og Troms, har også striden rundt Viken blussa opp. Opposisjonspartia har foreslått å legge arbeidet med Viken på is inntil regionreforma er avklart i Stortinget.

Det er KrF som har vore jokeren for å få gjennomført reforma. I eit intervju med Hallingdølen under eit partimøte i Hemsedal i februar, sa KrF-leiar Knut Arild Hareide at han trudde Viken på sikt kom til å rivne i to.

- Mange har problem med å sjå at Viken er ein optimal region. Eg har også det, sa han. Men no har partiet likevel landa på at dei vil støtte gjennomføringa av regionreforma. 

På ein pressekonferanse i Stortingets vandrehall måndag ettermiddag presenterte KrF og regjeringspartia ein avtale om å gjennomføre reforma. Dei fire partia er også samde om kva oppgåver som skal overførast frå stat til fylke.

- Løpet er køyrd

Når KrF og regjeringspartia no er samde om innhaldet i dei nye regionane, er det vanskeleg å sjå at noko kan stoppe gjennomføringa av reforma, trur Oddvar Grøthe (Sp), ordførar i Hemsedal og regionrådsordførar i Hallingdal. Senterpartiet har tidlegare varsla omkamp om samanslåing av Troms og Finnmark og Viken-regionen i Stortinget. Men når KrF har kome til semje med regjeringspartia, inneber det at forsøk på å reversere reforma er parkert.

- Når KrF har konkludert, trur eg løpet er køyrd. Det einaste som eventuelt kan stoppe gjennomføringa no, er om enkelte av Frp sine stortingsrepresentantar stemmer imot. Men det trur eg er lite sannsynleg, seier Grøthe. 

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier til NRK at det er folket som er den store taparen.

– Regjeringa og KrF har bestemt seg for ikkje å bry seg om den folkelege motstanden. Dei ignorerer folkeavstemmingane. Folk har blitt oversett, overprøvd og overkøyrd. Det er ein enorm arroganse, seier han til nrk.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye oppgåver

Eit mål med reforma har vore å overføre oppgåver frå eit statleg til eit regionalt nivå. Men så langt har regjeringa halde tett om kva oppgåver det kan vere snakk om. Under pressekonferansen la dei fire partia fram eit dokument der det står kva oppgåver som skal overførast til regionalt nivå.

NRK skriv at avtalen mellom KrF og regjeringspartia inneheld kring femti punkt, og at nordområda, integrering, klima, miljø og næringspolitiske verkemiddel er nokre av oppgåvene som vil bli overført til regionane.